REDSLE ELLER FOBI?

Kjære folk!

Eg trur ikkje eg er redd for så mykje. Det har eg sagt mange gonger når andre har snakka om fobiane sine. Men no, når eg har tenkt meg godt om, trur eg at dette kanskje ikkje er sant. Sanninga er heller at eg er litt redd for både det eine og det andre, men ikkje så redd at det er eit problem for meg i kvardagen min.

IMG_3147
Ikkje noko farleg å sjå her, trur eg.

Å kjenne seg redd av og til er heilt normalt. Alle er redde for noko, og nokre er redde for alt (i alle fall for ganske mykje). Det er til og med ganske smart å verte redd når ein kjem opp i ein situasjon som er farleg. Då kan redsla vere energibringande og hjelpe til med å setje fokus på å kome seg unna eller å hjelpe seg sjølv og andre.

Ein fobi derimot, er overdriven angst for noko som ikkje er farleg. Eg trur med handa på hjartet at eg kan seie at eg, så vidt eg veit, ikkje er plaga med nokon fobi. Men ein veit aldri. Når eg får tenkt meg om og skrive litt meir, skal du sjå det dukkar opp ein bitteliten ein. Her er nokre eksempel på vanlege fobiar:
Odontofobi – tannlegeskrekk
Akrofobi – høgdeskrekk
Araknofobi – angst for edderkoppar
Hematofobi – angst for blod
Laliofobi – angst for å halde tale
Klaustrofobi – angst for stengde rom
Aichmofobi – sprøyteangst

IMG_0313
Det er registrert 624 artar i Noreg. Edderkoppar er nyttige dyr. Dei et parasitter og andre insekt som kan spreie sjukdom. La dei vere i fred.

Kva er då forskjellen mellom å vere redd for noko og det å ha ein fobi? Det er jo fullt ut mogeleg å vere redd for noko utan å ha ein fobi – slangar for eksempel. Men dersom ein får angst av å sjå eit bilete av ein slange , då er det vel eit teikn på noko meir enn ei redsle, er det ikkje?

Nokre fobiar har me høyrt om ofte, og dei er også ganske forståelege. Andre skil seg ut og verkar merkelege for alle dei som ikkje opplever å ha dei. Her er nokre slike:
Geliofobi – angst for å le
Mertofobi – angst for poesi
Arachibutyrofobi – angst for at peanøttsmør skal setje seg fast i halsen
Aulofobi – angst for å spele fløyte

Eg skal nokre dagar framover fortsetje å skrive om det å vere redd. Av ein eller annan grunn er det litt både moro og interessant å pirke borti slikt som er litt skummelt. Det er vel difor folk ser skrekkfilmar. Men det gjer eg aldri. Det er altfor skremmande.

Helsing frå K-M

 

 

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: