EG GRUAR MEG

Kjære folk!

Litt fram i tid skal eg noko som eg gruar meg til. Eg gruar meg såpass at eg lurar på om eg skal ombestemme meg og melde avbod. Eg kan vere verdsmeistar i å fantasere om og spekulere i framtida. Dette er ofte ei fantastisk evne som eg set pris på at eg har, men i dette tilfellet, verkar det heilt annleis. Når eg tenkjer på det eg skal, kjenner eg at energien forsvinn frå meg som gjennom eit hol eg ikkje finn proppen til.

IMG_3339
Er det mogeleg å ta bilete av ei som gruar seg? 

Eg gruar meg sjeldan til filleting. Dersom det er noko eg må gjere, så ser eg som oftast til å få det gjort. Dersom eg skal seie noko i ein forsamling, veit eg at det er lurt å vere godt forberedt. Dersom eg har noko å utøve som er vanskeleg, er det lettare dersom eg øver. Som oftast veit eg at mange har mykje meir alvorlege ting å grue seg til enn det eg har.

Som barn lærte eg å ikkje bry meg så mykje om det – alle måtte finne seg i å køyre hovudet i murveggen av og til, fekk eg høyre. Det var sunn lærdom. Når eg datt, børsta eg av meg skiten, reiste meg opp att og prøvde ein gong til. Så kvifor gruar eg meg no? Eg har jo lært at det meste ikkje er så farleg.

Eg trur det er slik at det eg fokuserer på, det veks. No tenkjer eg såpass mykje på dette at det veks seg kjempestort og blir veldig viktig. Det blir mykje viktigare og tek mykje større plass i livet mitt enn det det fortener å ha.

Eg har nokre spørsmål eg veit det er lurt å stille:

  • Kva er det verste som kan hende?
    Når eg tenkjer nøye etter, er det ikkje så mykje fælt som kan skje. Dessutan så veit eg at alle kjem til å vere mest opptekne av seg sjølv. Det er berre eg som har meg som hovudperson. Det er alltid ei trøyst.
  • Kva gler eg meg til?
    Det er faktisk ganske mykje i denne framtidige situasjonen som er rein glede. Eg veit og at eg skal vere saman med folk som set stor pris på at eg er der og er meg.

Eg veit at når det er over, kjem eg til å kjenne at eg har kasta bort tida på all denne gruinga. Eg kjem til å tenkje at eg har laga veldig mykje ståhei for ingenting inne i hovudet mitt, for dette var ingenting å grue seg til.

Helsing frå K-M

 

 

 

 

 

 

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

2 kommentarer om “EG GRUAR MEG”

  1. Er berre så innmari glad forcat eg ikkje er aleine om å ha det slik. Så mykje bortkasta tid på noko som alder vert til noko. Takk .

    Liker

    1. Hei! Eg trur dei fleste har det slik innimellom, men kanskje me ikkje gruar oss til dei same tinga. Heldigvis vil det meste som oftast gå bra. Me får trøyste oss med det. Ynskjer deg ei fortsatt god helg.

      Liker

Legg igjen en kommentar til Margit Avbryt svar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s