GÅ TUR, BLI GLAD!

Kjære folk!

Fyrst litt utsikt. I går var eg ute og gjekk tur med dotter mi i Eidsfoss, også kalla verdas minste by.

IMG_3443
Til å bli glad av. Vakker dotter ved vakre Eikeren.

Ein fot fyrst. Den andre etter.
Leit etter rytmen og finne den.
Ha lause hofter og gode sko.
Ikkje tenk på å gå, lat det gå av seg sjølv.
Etter ei stund kan eg la tankane fare dit dei vil, og då vil dei sjeldan i den retninga der bekymringane sit og grublar på sitt.

Naturen er noko av det vakraste me har her på jorda. Dersom eg går passeleg fort, finn eg alltid noko som kan glede auga uansett om eg går i skog og mark eller på veg mot ein fjelltopp. Dersom eg går tur rundt heimen min, finn eg også alltid noko å glede meg over; ein vakker hage, tåka som ligg over eit jorde, åsane på den andre sida av fjorden eller eit lite under i vegkanten. Dersom eg går for fort, klarar ikkje opplevingane mine å halde fylgje med meg. Då vert gleda mindre.

IMG_3103
Gu tur, bli glad!

Eg elskar å kome meg av garde til fots, ute i naturen eller gatelangs på oppdagingsferd i ein framand eller ein kjend by. Eg vil gjerne gå på smale stigar, mellom tunge grantre, opp bratte trapper, over torg og langs elvar. Eg går gjerne aleine, men hand i hand er også fint. Eg kan og gå saman med fleire, berre eg slepp å prate heile turen. Unntaket er når eg går saman med ungar. Då må det ofte pratast.

Eg må ikkje ha eit mål når eg går. Kvifor skal eg gå når gåinga er utan mål? Er det ikkje då samstundes utan meining?
Meininga er

  1. Visuelle opplevingar
    Når eg går, ser eg og legg merke til ting eg elles ikkje ville ha sett:
  2. Betre humør
    Fysisk aktivitet løyser alltid ut «lykkehormonet» endrofin i hjernen, og endrofin er nesten alltid til stades når me er i svært godt humør. Eg blir rett og slett glad av å gå.

Desse to poenga kjem i tillegg til alle helsefordelane, men dei går eg ut ifrå at alle er godt kjende med.

Det var ikkje godt
nett då
litt redd og
svært bekymra
gret ho

 Du treng luft,
sa han
Eg går,
sa ho
og gjekk
litt sint og
svært uroleg

 trampa ho av garde
ut dit det var
sol, vind og
fuglar, vatn og
ho som

 gjekk til ho ville
heim der det var
han

 Helsing frå K-M

 

 

 

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: