Kjære folk!
Gårsdagen var ein god dag. Saman med gamle vener fekk eg servert vassgraut av Votndalen Bygdekvinnelag, var på posesal på biblioteket og gjekk guida omvisning med historia om gamle Sundre. Litt nostalgiprat vart det sjølvsagt og tid til. Før eg tok kvelden, gjekk eg meg ein tur bortom Strandafjorden.

Nostalgi tyder heimlengt, romantisering av det som har vore, lengt attende til ein del av livet ein hadde før eller til ei tidlegare tid. Slik definerer Store norske leksikon nostalgi. For meg, som for dei fleste andre, kan alt dette vere litt sårt, men det kan og gje stor glede.
Eg har to strikkejakker som mor mi har strikka. Dei er begge i mjukt bomullsgarn. Desse er blant dei kjæraste klesplagga eg har. Dei tek meg attende til tida då mor mi levde, og eg brukar dei ofte og passar godt på dei. Desse plagga representerer noko godt i livet mitt, og eg klamrar meg på eit vis fast til dei. Eg trur eg er endå litt gladare når eg har på meg ei av desse jakkene.

Eg har høyrt at det er slik at det er vanskeleg for folk å skifte musikksmak etter at ein fyller 30. Eg kan like mykje forskjellig, men den musikken som verkeleg set i sving kjenslene mine, er den som liknar på det eg likte fram til tidleg 80-tal. Då kan klumpen i halsen innfinne seg, då kan dansefoten vere vanskeleg å stagge og då kan minna kome strøymande.
No Milk Today
akkompagnerte Herman`s Hermits
den aller fyrste kjærleiken
Happy Birthday Sweet Sixteen
var tonefylgjet
til bursdagsfeiringa mi
det året
den unge
kvinna vakna
så vidt
Middle of the Road
sang Chirpy Chirpy Cheep då
dansegolvet duva og
ho elska det
Denne nostalgien skadar vel ingen, så lenge me har full forståing for at verda har endra seg, at den framleis er i endring og at det slett ikkje er sant at alt var betre før. Eg prøver så godt eg kan å hengje med i dei fleste svingane, men likevel vert eg innimellom sitjande og tenkje attende og undre meg over kvar alle desse åra vart av og kva eg brukte dei til. Då hender det at eg lengtar etter desse dagane med berre ein radiokanal då alle måtte høyre «Folkemusikkhalvtimen» og «Ønskediktet».
Helsing frå K-M