Kjære folk!
Medlemskap i ein organisasjon, kan vere eit alternativ for slike som, av ein eller annan grunn, kjenner at dei gjerne skulle ha vist litt meir aktivt engasjement. Eg har valt å vise eit eksempel på ein slik organisasjon her.
Verda vår og omgivnaden vår er i rask endring. Eg er heldig som bur i eit land der eg kan spørje, vere ivrig og setje ord på tankane mine. Eg kan skrive under på opprop og gje bidrag til kven eg vil. Etter at eg har lagt ut eit blogginnlegg, treng eg aldri vere redd for at det dagen etter skal kome væpna menn for å arrestere meg og meiningane mine.
Slik er det slett ikkje over alt. I mange land kan personar som jobbar for betre menneskerettar, grunnlaust bli anklaga og arrestert for medlemskap i ein terrororganisajon.

Då eg melde meg inn i Amnesty International, var det arbeidet for samvitsfangane som engasjerte meg mest.
Ingen kan sjå tankane
mine. Dei er bøker eg les
verda i, men
kva eg les, får du ikkje vite.
Ingen høyrer draumane
mine. Dei er dikt eg aldri
går ifrå.
Eg skal lese dei høgt
ein gong
der ute.
Det gjer fysisk vondt når eg tenkjer på at folk rundt om i verda vert fråtekne menneskerettane sine. Uansett kvar du bur, kven du er og kva du meiner eller trur på, så har du den same verdien som menneske og dermed dei same rettane.
Eg har tru på at dei solidaritetsbreva som medlemmer av Amnesty sender, betyr mykje for dei som sit fengsla på grunn av noko dei trur eller meiner. Dei som sit innesperra fordi dei kjempar for andre sine rettar eller fordi dei kritiserer brot på internasjonale konvensjonar, har vorte fråtekne absolutt alt. Mange får ikkje snakke med familien sin og dei får ikkje eingong kontakte ein advokat. Breva frå aktive Amnesty-medlemmer gjev desse fangane eit glimt av håp slik at dei kan orke å leve vidare.
Å sende ei støtteerklæring, skrive under på eit krav om lauslating eller sende eit brev til ein fange, gjev kjensle av å gjere ein forskjell og håp om at det er mogeleg å bidra til endring.
Det er kanskje arbeidet for samvitsfangar Amnesty er mest kjent for, men organisasjonen kan hauste sigrar også for andre menneskerettar. I 2018
- gjorde høgsterett i India vedtak om at sex mellom homofile ikkje lenger var kriminelt
- vart dødsstraff avskaffa i Washington. Det er no 20 statar i USA som har avskaffa denne straffemetoden.
- Stemte 121 av 193 land i FNs generalforsamling for ein resolusjon som oppfordra til å stoppe alle avrettingar.
Grunnlaget for menneskerettane er FN si verdserklæring om menneskerettar frå 1948. Erklæringa understrekar at menneskerettane
- gjeld for alle
- skal verte realiserte samstundes og ikkje verte prioritert forskjellig
- ingen har makt til å setje desse rettane til sides.
Trass i dette, vert rettane brotne kvar einaste dag:
- Amnesty har avslørt tortur i minst 141 land i alle verdsdelar
- Over heile verda vert kvinner straffa dersom dei tek abort
- Homofili er kriminelt i 72 land.
Kvifor skal akkurat me engasjere oss?
Held det ikkje at nokre andre gjer det?
Dette handlar ikkje berre om den einskilde sitt engasjement. Dette handlar om politikk, og politikk må byggas på respekt for menneskerettane. Menneskerettar er ein føresetnad for fred. Derfor må representantar for regjeringa snakke verdiar og menneskerettar når dei møter maktelite og styresmakter frå andre land.
Helsing frå K-M