POLITISK ENGASJEMENT OG PRESSEFRIDOM

Kjære folk!

Eg startar med eit «kva kom fyrst, høna eller egget»-spørsmål:
Les eg aviser fordi eg er interessert i politikk eller blir eg interessert i politikk fordi eg les aviser? Det er i alle fall heilt sikkert at massemedia spelar ei svært viktig rolle for politisk engasjement. Gjennom fjernsyn, aviser og radio vert det politiske ordskiftet flytta inn i daglegstovene til kvar einskild av oss.

Me veit jo at alle dei politiske aktørane gjer alt dei kan for å få høve til å «selje» bodskapen sin til veljarane. Alle politiske parti ynskjer å formidle synspunkta sine i media. Heldigvis! Slikt blir det debatt av. Slik blir det halde liv i demokratiet vårt.

Diverse undersøkingar viser at folk les mindre aviser no enn før. Eg er redd for at dette kan verke negativt på engasjementet, på debattane og på det me snakkar om medan me et frå matpakkene våre, –  og dermed til sist også på kvaliteten på demokratiet.

IMG_3131
Er eg politisk engasjert fordi eg les aviser eller les eg aviser fordi eg er politisk engasjert?

Stort sett går det godt for folk flest i Noreg. Velstanden er aukande og ting går bra. Me har stor fridom og kontroll over eige liv. Kvifor skal me då engasjere oss politisk? Må me meine noko om absolutt alt? Nei, me må ingenting. Me må ikkje vite noko som helst om kva som er sant og usant om for eksempel

  • aukande ulikskap
  • klimakrisa
  • verknad av skattekutt
  • kutt i velferdstiltak
  • utvinning av olje og gass

Men det har seg no eingong slik at det Noreg me kjenner i dag, er eit resultat av korleis me som samfunn har evna å omstille oss i møte med store endringar. Folk har engasjert seg og jobba fram viktige reformer. Slik var det også den gongen vi var eit mykje fattigare land enn det me er i dag.
Ynskjer me at framtidige samfunnsendringar er noko alle dei andre skal stelle med? Nei, når me tenkjer etter, trur eg ikkje me vil like det.

Men kva med dei unge? Heile tre av fire som såg den fyrste partileiardebatten denne hausten var over 50 år!!

Attende til byrjinga på dette innlegget; massemedia har ei svært viktig rolle i folk sitt politiske engasjement, men og i forsvaret av det norske demokratiet. Derfor må pressefridomen og informasjonsfridomen bli verna om. Noreg er det landet i verda der pressefridomen står aller sterkast. Media har eit spesielt ansvar for å informere om det som skjer og for å stelle kritiske spørsmål til dei som har makt. Derfor er pressefridomen også ein del av vår rett til å ytre oss.

Kvar og ein av oss har óg sjølvstendige val me må ta, sjølv om valalternativa ikkje nødvendigvis er så ekstreme som eg har sett dei opp her:

  • Skal me for eksempel lese Se og Hør eller Aftenposten
  • Skal me sjå Dagsrevyen eller Ex on the Beach
  • Skal me høyre NRK P2 eller P7 Klem

Det er opp til oss sjølv kor mykje og kva slags informasjon me vel å ta inn.

Her kjem eit spørsmål som kanskje har noko med dette å gjere. Korleis kan det ha seg at fleire og fleire i verda på alvor meiner at jorda er flat som ein tallerken? Svaret er at dei har blitt overtydde av konspirasjonsteoriar på YouTube. Kildegransking er viktigare enn nokon gong!

I det siste har me sett tusenvis av unge demonstrere og krevje tiltak for å redde klimaet. Eg håpar dette engasjementet også vil gjere at dei strøymer til røystelokala.
Men dersom me vender oss utanlands, har me sett at unge britar arrangerte massedemonstrasjonar mot utfallet av Brexit-folkerøystinga, – men berre 37 prosent av dei unge gadd å røyste. Donald Trump hadde liten appell hos dei unge, og heldigvis for han, valde dei å sitje heime i staden for å røyste.

Her på heimebane håpar eg det er til hjelp på valdeltakinga at politikarane er så aktive på sosiale media.

Til slutt, – her er tre interessante sitat eg har plukka frå aviser eg har lese dei siste dagane (og ingen kan vel skulde meg for at eg ikkje hentar informasjon frå fleire kantar):

Fyrst frå ein kommentar av Andreas Slettholm i Aftenposten laurdag:
«Men bompenger, veiprising, utslippskvoter eller andre økonomiske virkemidler vil alltid være enklest å takle for de rike, som jo alltid har mer penger enn de fattige. Miljøpolitikken kan ikke gjøre noe med det.»

Leiaren i Morgenbladet nr 33 skriv om noko av det same:
«For noen måneder siden la Ap, SV, Sp og MDG frem en felles melding om grønn industripolitikk – der målene var sosial utjevning. Det samme bør opposisjonen gjøre for samferdselspolitikken. Partiene har hver for seg allerede samferdselstiltak som er geografisk og sosialt utjevnende. MDG har for eksempel, i likhet med flere av de grønne partiene i Europa, en slags bom-bonus. Den går ut på at inntektene fra klimaavgifter ikke skal finansiere veier, men fordeles direkte tilbake til befolkningen på flatt grunnlag slik at de med lavest inntekt får mest utbytte

Eit anna aktuelt tema:
I Klassekampen fann eg dette under overskrifta «Amazonasbranner er ikke naturkatastrofe»:
«Avskoging skjer slik: Først kappes de største trærne og tømmeret selges. Deretter ryddes området med traktor og motorsag. Området tørkes før det settes fyr på. Gress plantes for å lage beitemark for kveg som selges som biff

Ingenting av dette kunne eg ha tenkt ut sjølv. Eg treng å lese eller høyre om det andre veit og eller meiner før eg kan reflektere og finne mitt standpunkt.

Helsing frå K-M

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: