SONG I SKULEN

Kjære folk!

Det vert ofte snakka mykje om trening, kroppsøving og om å røre seg mest mogeleg for helsa si skuld. Om att og om att høyrer me at å sitje for mykje i ro ikkje er bra. Dette er heilt rett. Det er viktig at born og unge (ja, eldre og, for den saka si skuld) blir motiverte, og kanskje også tvinga, i og utanom skuletida til å få bakenden opp frå stolsetet. Det er bra at det blir sett av tid i skulen til slikt.

For å få plass til meir av noko, må det kanskje bli mindre av noko anna. Men kor mange minutt tek det å synge ein song? Har nokon brydd seg med å finne ut kva konsekvensane blir av å slutte å synge? Trur folk at song berre er tralala utan anna meining enn tidtrøyte?

Hausten 2017 fjerna regjeringa songen frå den generelle delen av læreplanen i skulen. Songen, som har vore ein del av den norske skulen i over 200 år, vart stroke, trass i åtvaringar frå forskarar og lærarar.

Kulturministaren snakka den gongen om norske verdiar samstundes med at regjeringa gjorde songen til noko frivillig som det er opp til den einskilde lærar å drive med. Når songen ikkje er nemnt i skulen sine ovreordna planar, må den inngå i ei udefinert kulturverksemd saman med alt det andre som er stappa inn der. Det er ikkje lenger tatt hensyn til at fellessong styrkjer fellesskapet, skapar identitet og gjev livsglede. Eg må tvile på om denne regjeringa vår verkeleg er opptatt av norsk kultur og norske verdiar.

Songen er eit kulturelt anker for oss. Dersom songen ikkje får ha denne spesielle plassen sin i skulen, er eg redd for at noko som ligg der djupt i fellesskapet vårt vil kome til å døy.

IMG_3099
Her er ein del av den songskatten eg har i bokhylla mi. 

Her kjem ei slags forteljing om då alle dei andre ankera ho hadde hatt var borte. Det var berre dette eine att:

Og så spør dei
kva
me skal med song
i skulen?

Det var den dagen,
ein
av dei aller verste.
Ho hadde ant det.
No hadde ho fått vite
det og
alt rasa
datt frå kvarandre
øydelagt
tilgrisa
spydd opp

Ho høyrde
sine eigne ul
alt før ho slapp
dei fram
ut i einsemda

Der var ingen
Det var ingenting
å halde seg i og
ho greip
det einaste;

songboka,
den blå.
Song seg gjennom
Lille postbud
Ride, ride ranke

Fyrst utan lyd
gjekk ho
fram og attende og
song,
song
Bro, bro brille
Jeg vet en deilig hage
Falskt og dirrande
sette ho seg og
song,
song
Kjerringa med staven
Fola, fola blakken

Ho kunne alle
tonane
tekstane
rytmane og
ho song,
song
Haren uti graset
Killebukken

Då, fyrst då, var ho
roleg
kunne sovne.

Og så spør dei
kva
me skal med song
i skulen?

Kan eg gje mi stemme til politikarar som fjernar songen i skulen?
Kan eg ha skulepolitisk tillit til dei partia som sit i ei regjering som let slikt skje? Slike som ikkje forstår kva som av og til kan dere det aller viktigaste.

Helsing frå K-M

 

 

Forfatter: Kjærefolk

- Halling med bostedsadresse i Holmestrand - Avsluttet en mangslungen karriere innenfor norsk skolevesen - Gift, mamma, farmor og bonus- både det ene og det andre - Stort sett blid, glad og fornøyd med livet Hvorfor begynner ei nesten gammel dame med blogging? Jeg blogger først og fremst fordi jeg er glad i å skrive og for å kunne utfordre meg selv ved å gjøre noe nytt. Jeg tror også at mange synes det er trist når det skapes et inntrykk av at det som virkelig betyr noe i livet er ungdom og skjønnhet. Derfor kan det hende at noen har interesse av å bli invitert inn i hverdagen til en litt gammel dame.

3 kommentarer om “SONG I SKULEN”

Legg igjen en kommentar til Kjærefolk Avbryt svar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s