EGOISME ELLER FELLESSKAP?

Kjære folk!

Skal me tru på marknad og konkurranse som overordna løysing på det aller meste? Er det då slik at me óg må tru at me alle er egoistar som blir drivne framover av å bli best og ha mest?

Dersom dette ikkje verkar rett, er det då trua på fellesskapet som er den alternative politiske tankegangen? I alle dei store verdsreligionane heiter det at alt det de vil at andre skal gjere mot dykk, det skal de gjere mot dei. Er det dette som ligg i botnen for arbeidarrørsla?

Då Hareide leia Krf fram mot val av politisk side, gjorde han det heilt klart kva slags ideologiske motsetningar han såg i norsk politikk.

For meg er det svært viktig å finne gode fellesskapsløysingar. Det betyr at mitt eige beste og fordelar for meg sjølv av og til må kome i andre rekke, etter livskvalitet for dei mange. Slik har eg lært at det er rett å tenkje.

IMG_3679
Ein av dei vakre Vigeland-skulpturane får hedersplassen når eg skriv om egoisme eller fellesskap.

Sjølvsagt set eg mine næraste fremst i køen slik til kvardags. Men er me ikkje forplikta til å sjå litt lenger enn fram til eiga grind og eigen nasetipp når det gjeld politikk?

Korleis kan ein måle om dei politiske vedtaka er tufta på egoisme eller fellesskap? For meg vil svara på desse spørsmåla kunne vise i kva retning me er på veg:

  • Korleis har dei gamle det?
  • Korleis handsamar me dei som kjem nye til landet vårt?
  • Korleis har dei yngste innbyggjarane våre det?
  • Korleis er det for sjuke og andre svake grupper å leve i Noreg?
  • Har alle folk dei same rettane uansett kven dei er, kvar dei bur og kor mykje dei har i lommeboka si?

Når me skal svare på desse spørsmåla, blir slikt som spritkvoter og litt rausare fartsgrenser på nokre norske vegar heilt utan politisk meining for meg. Men det gjer meg opprørt når det blir kutta i støtta til for eksempel multifunksjonshemma, kronisk sjuke og einslege mindreårige asylsøkjarar.

Når me lyttar til alle vallovnadane, må me kanskje fylgje ekstra godt med når dei viser fram kvar eller frå kven dei har tenkt å hente pengane.

Når politiske vedtak gjer det slik at mange kommunar må kutte i eldreomsorga, er det eit teikn på fellesskap? Når nesten halvparten av norske kommunar finn det naudsynt å skjære i skulebudsjetta, kva tyder det på? Er det slik at den politikken som blir ført bidreg til større forskjellar og mindre fellesskapsløysingar?

Og dersom me flyttar blikket vårt vidare og spør kva slags politiske vedtak norske politikarar gjer når det gjeld resten av verda, – kva finn me då? Korleis uttrykkjer dei folkevalde seg når dei skal uttale seg om dei som verkeleg veit kva liding er?

Av og til kjenner eg meg på eit vis skuldig, sidan ikkje alle har det like godt som meg. Dette burde vel ha noko å seie når eg puttar stemmesedelen i urna om nokre dagar?

Helsing frå K-M

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: