Kjære folk!
Ein må fyrst vite kvar ein er, før ein kan finne ut kvar ein skal. Det var det viktigaste eg fekk med meg då me hadde orientering på lærarskulen. Og slik er det vel i sjølve livet og. Det er naudsynt å verte kjent med seg sjølv og kva som er situasjonen her og no, dersom ein skal kome seg vidare.

Før eg skreiv det førre innlegget, hadde eg prøvd å finne ut kva som verkeleg er viktig for meg. Det er visst slik at verdiane våre er med på å forme korleis me oppfattar verda, korleis me fangar opp og nyttiggjer oss informasjon og korleis me tenkjer om både dei menneska me møter og dei situasjonane me kjem opp i.
Dette betyr at desse verdiane vert eit slags kompass i liva våre, – eit navigasjonssystem.
Verdiane vert til allereie i oppveksten gjennom opplevingar, erfaringar og fordi me hermar etter dei rollemodellane me var så heldige eller uheldige å få utlevert.
Dei fleste er nok einige om at livskvalitet handlar om å ha det godt på innsida. No har eg forstått at det som blant anna skal til, er å skape samsvar mellom eigne verdiar og eigne handlingar. Sidan verdiane er så nært knytte opp mot kjensler, må ein føresetnad for livskvalitet vere at me lever i tråd med eigne verdiar og haldningar.

Me tek avgjerder kvar einaste dag, nokre så små at me ikkje tenkjer over det, medan andre er så store at dei er med på å forme framtida. Eg er altså her eg er i dag fordi eg tok ei avgjerd i går, i fjor eller for ti år sidan.
Sjølv om verdiane i stor grad er ubevisste, har dette verdisystemet sannsynlegvis vore med og bestemt yrkesval, arbeid, bustad, ja til og med ektemann.
Eg veit ikkje om eg no har klart å setje namn på mine eigne verdiar, men eg veit at eg har blitt klar over at verdiane mine er eit kompass eg ikkje må velje bort å bry meg om.
No gler eg meg til å skrive vidare, – og dersom eg er heldig, vil eg, og kanskje også nokre av dei som les, finne noko å reflektere over og bli meir bevisste på det personlege kompasset.
Helsing frå K-M