TRYGGLEIK

Kjære folk!

«Det kan du vere trygg på», seier me.
Å vere trygg vert definert som å ha den kjensla av tillit som kjem når me kjenner at det ikkje er noko som trugar. Men tillit, – kva er det då? Tillit er den kjensla som kjem når ein merkar at andre er gode og ærlege menneske som også er til å stole på.
Dette er vel eit greitt utgangspunkt, er det ikkje?

Menneske over heile verda ynskjer seg tryggleik. Me ynskjer å vere trygge på oss sjølve, og trygge i trafikken. Me vil vere trygge på at vener ikkje baktalar oss og trygge på at dei menneska me har nærast oss er glad i oss.

Mange stader i verda er folk utrygge på grunn av krig, konfliktar, naturkatastrofer og/eller naud. Folk der, vil ikkje tenkje på det same som oss når dei skal definere innhaldet i tryggleik, – og me tenkjer sjeldan over kor heldige me er som har denne basistryggleiken på plass.

Born har eit grunnleggjande behov for å oppleve tryggleik. Dette står heilt sentralt for at dei skal kunne utvikle seg og lære. Alle born treng å kjenne at dei vaksne dei har med å gjere, passar på, hjelper til og bryr seg om. Slik er det heime, i barnehagen og på skulen. Her har alle vaksne eit særskilt ansvar.

IMG_3718

Alle skuleelevar har rett til å ha det bra og vere trygge på skulen. Det betyr at elevane har rett til å bli beskytta mot alle former for krenking, mobbing og diskriminering. Dette er nedfelt i lova, og dersom nokon blir plaga på skulen eller på skulevegen, er det rektor sitt ansvar å stanse det.

Det er sjølvsagt ikkje berre born som treng å kjenne seg trygge. Tryggleik er viktig for det daglege livet, for sjølvbiletet og som grunnlag for den psykiske helsa. Tryggleik er like viktig i heimen, i barnehagen, på skulen, på arbeidsplassen og i alle andre samanhengar der me er fleire saman.

Når eg vert spurt om kva som gjer meg utrygg, kan eg klare å vere svært så konkret i svara mine. Eg trur heller ikkje at svara mine er spesielle på nokon måte. Her vil alle kunne nikke og seie at slik har eg det og.
Eg veit at eg får kjensla av å vere utrygg dersom eg vert ekskludert. Dette kan for eksempel skje ved negativt kroppsspråk, ved at eg blir halden utanfor i visse samanhengar, ikkje vert beden eller innkalla eller ikkje får den same informasjonen som andre får.
Eg veit og at eg sjølvsagt vert utrygg dersom eg blir tildelt ei oppgåve eg ikkje meistrar. Det er heller ikkje tryggleik eg kjenner på når eg får negativ kritikk eller dersom eg blir latterleggjort.

Eg, som alle andre, kjenner meg trygg når eg

  • kjenner at eg har støtte
  • klarer oppgåvene mine
  • blir respektert og kan vere meg sjølv
  • blir sett og høyrt

Det er som aller tryggast når situasjonen eg er i er føreseieleg.

Det er forunderleg at sjølv om dei aller fleste kjenner seg att i desse punkta, så er det så mange som kjenner seg utrygge for eksempel på arbeidsplassen sin? Er det fordi me ikkje er flinke nok til å snakke saman om dette?

Det seies at den som sjølv er trygg, kan gjere andre trygge.
Det er heilt klart at denne viktige verdien handlar om samspel.

Eg avsluttar med eit lite dikt der eg freistar å vise kor vanskeleg dette kan vere.

Det kan godt vere
at du var trygg
i heile deg, men
då du vende deg bort
ikkje svara
gjekk din veg
var du trygg då?
Var det eg som
gjorde deg
slik?
Den tryggleiken
eg trudde
eg hadde
den tok du med deg.
Har du den no,
eller har me
mista den båe?

Torsdag skriv eg om trivsel, – ein verdi som heng nøye saman med tryggleik.

Helsing frå K-M

 

 

 

 

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: