ER EFFEKTIVT ALLTID BRA?

Kjære folk!

Heilt frå mi tid som tillitsvald på 1980 – 90-talet, har «effektivitet» skapt ganske negative kjensler hos meg. Det er vanskeleg å rope hurra for effektivitet i yrker der menneskelege relasjonar, gode samtaler og omsorg for dei svakaste er viktige delar av yrkesutøvinga. På den andre sida og samstundes ser eg på meg sjølv som ei effektiv dame som slett ikkje likar å vere ineffektiv. Når eg gjer husarbeid for eksempel, vil eg gjerne ha ting unna så effektivt som mogeleg utan at det går ut over kvaliteten.

Ein vert meir effektiv dersom ein arbeider smartare, raskare, utnyttar ressursane betre og utviklar betre teknologi. Alt dette passar godt når eg har fysisk arbeid eg vil ha gjort unna. Eg reknar med at det også passar som hand i hanske i alle produksjonsbedrifter. Men eg spør meg sjølv og alle andre:

  • Kan me trøyste ei forvirra og trist gammal dame på ein meir effektiv måte?
  • Kan me få barnehageungane til å oppleve bordfellesskap smartare?
  • Kan me sjå den einskilde eleven raskare?

Dersom forventningane dreier seg om raskare, smartare og billigare, vil kjensla av å ikkje strekkje til melde seg raskare og meir effektivt og måla om betre, gladare og nærare vil bli vanskelegare å nå. Det er eg heilt sikker på.

IMG_3593
Effektiv? Det tek tid å vere god.

I NOU 2015, Produktivitet – grunnlag for vekst og velferd heiter det: «effektiv samfunnsøkonomisk  bruk av ressurser innebærer at ressursene ikke kan gi større nytte for samfunnet ved å bli anvendt på alternative måter.»
Her står me overfor viktige politiske, verdimessige vegvalg. Kva vil gje størst nytte for samfunnet?
Dersom vurderingar av effektivitet og økonomisk argumentasjon skal vere grunnlaget for utviklinga av velferdsstaten, vil svaret fort bli nedskjæring, anbud og privatisering.

Eg får hovudet fullt av spørsmål:

  • Må me akseptere at det viktigaste er at sjukeheimen får rekneskapen i balanse?
  • Er det mogeleg å kontrollere ressursbruken i velferdssektoren berre med økonomiske verkemiddel?
  • Korleis er det mogeleg å konkurrere i ein anbodsrunde om kvaliteten på velferdstilbod?
  • Er private aktørar meir effektive enn offentlege i den forstand at dei klarar å levere tenestene til lågare kostnad? Kva går det i så fall ut over? Pensjonsutgiftene?
  • Klarar profesjonane å halde dei faglege fanene så høgt heva at kvalitetssikring vert lyfta fram som det viktigaste?
  • Kor effektiv er det mogeleg å vere i viktige møte med born, elevar, studentar, sjuke, demente, døyande …? Det er klart det er mogeleg å få det unna i ein viss fart, men er det smart utnytting av ressursar? Er det til nytte for samfunnet?

Eg berre spør.

Skund deg
Det må gå fort
Nokon tek tida
Du har berre ti minutt på kvar
Fortare
Endå fortare
No har du gjort nok her,
resten må han klare sjølv
og alarmen går på rom nummer sju

Dette går for langsamt,
høyrer du?
Han gamle der forstår ikkje mykje og
han gret
og gret
for ingenting.
Kva med dei andre?
Dei må og få sitt
Du må ta deg av dei óg, –
høyrer du?
Det er det me betalar deg for

Har du skrive rapporten?
Er den individuelle planen hans ferdig?
Ikkje?
Det er slikt du må gjere
før
etter
og innimellom
Effektivitet, veit du.

Helsing frå K-M

Før eg skreiv dette las eg

  • oppsummering av NOU 2015:1
  • debattinnlegg av Jan Fridthjof Bernt
  • Kronikk av Mats Petersson

 

 

 

 

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: