Å GLEDE SEG OVER OG Å GLEDE SEG TIL

Kjære folk

Då den andre verdskrigen braut ut i 1939, erklærte Noreg seg nøytralt, men 9. april 1940 angreip tyske troppar landet. I dag er det 82 år sidan.

Gjennom heile livet har me levd med sterke forteljingar om den krigen.
Til alle tider har det vore krigar i verda. Mange av dei har vore svært langt unna oss, – og det er kanskje grunnen til at me ikkje har slept alle lidingane så tett inn til hjarterøtene våre. Det er vel også slik at ingen kan ta innover seg alt.
No er krigen nærare og me er reddare, meir sinte og har større behov for å hjelpe.


Me vil alle gjerne vere glade, ikkje sant? Trass i og midt i alt det vonde og vanskelege har me lov til å kjenne på glede. Eg trur det er sant at «den største gleda ein kan ha det er å gjere andre glad». Men det er også slik, trur eg, at me kan gjere mest for andre dersom me sjølv er sterke og har det bra. Det er altså ingen motsetnad i å vere glad og å gjere andre glad.

Men det er i alle fall ikkje alltid like lett å finne fram til dei små og store gledene i livet, –  me har jo alle ein del dagar der formen er dårleg, skia er bakglatte og motbakkane er både bratte og i fleirtal. Av og til er det også som om skyene er mørke, tjukke og samlar seg framfor den sola som var meint til å skine akkurat her som me er. 

Våren kjem ikke så tidleg i fjellbygda mi, men smeltevatnet og frostnettene skapar små kunstverk i bekkefaret.

I det siste har eg tenkt ein god del på om det å glede seg, i alle fall for oss som er både friske og sterke, er ein kunst me kan øve oss opp til å beherske. 
Kan det handle om å klare å sleppe taket i dei draumane det ikkje vart noko av og kanskje til og med finne seg ein ny draum?
Er me ofte for trongsynte når me leitar etter livsgleda? Gløymer me å glede oss over å finne slikt som me ikkje var på leit etter? Det kan jo framleis dukke opp positive overraskingar i livet. Det veit eg!
Kan det vere slik at me ofte lagar for stramme rammer rundt tankane våre? Eg trur det er slik at når eg slepp kromspringa laus inne i hovudet mitt, så kan det losne både store og små gleder.

Er det også slik at me sjølv blir glade dersom me klarar å vere glade på andre sine vegne? Eg trur det er sunt å ynskje andre menneske alt godt.

Desse dagane
lever sitt eige liv
med mitt bankande hjarte
mine springande føter
mine travle hender

Desse dagane
klukkar vekk i bekken
og medan kveldssola skin
trillar dei unna som åttedelsnotar
vekk
frå meg som ikkje kan halde fast
Heldigvis for morgondagane

Velkomne inn, opplevingar og både kjende og ukjende.

Eg er heilt sikker på er at gledene ikkje kjem på vitjing heilt av seg sjølv. Ukjende, som kan bli vener, bankar sjeldan på døra og vil inn, og opplevingane trillar ikkje inn over dørstokken utan at me set døra på klem. Me må våge å seie «ja» når sjansen til å glede seg er til stades.

Men kva når alt er tungt og vanskeleg då? Det er jo ikkje så enkelt dette livet at det berre er å smile og tenke positive tankar så blir alt bra. Det må vere lov å vere sur, sint og lei seg i fred for alt maset om å smile til verda så vil verda smile attende.

Dette broderiet fann eg i ein bruktbutikk på Geilo.

Eg har lyst til å prøve å snu litt på det; kanskje det er på dei sure dagane at me bør gjere litt ekstra for å rydde plass til litt glede?
På dei litt ugne dagane er det i alle fall til hjelp for meg å
– gjere det reint og ryddig i heimen
– legge frukt på eit fat og setje blomar i ein vase
– ta på meg klede eg kjenner meg vel i
Er det så enkelt? Nei, ikkje alltid, men det skadar i alle fall ikkje.

Er det mogeleg å kjøpe seg glede? Eigentleg ikke, men eg ser gladare og mindre streng ut med kjøpekrøllar.

Eg står heilt roleg
på trappa og frys
Ser ut i det kjende
kvitt
tomt
daudt
ingen kan tru at det er liv
under snølaget
i den iskalde molda

Eg har stått slik
og undra meg mange gonger
over at
knoppar vil sprette
spirer vil gro

Brått sildrar det ein tynn
tråd
av forventning
nedetter ryggen min
Eg står heilt roleg
på trappa og frys
med nytt mot

Måndag kom det snø att. Det skapte lite glede hos meg. Trøysta ligg i at snøen blir til vatn, og det har naturen godt av.

Eg må også innrømme at eg har laga meg ei liste over fine ting som eg likar å gjere. Eg er stort sett velsigna med eit positivt sinnelag, men av og til buttar det. Då kan eg finne fram lista mi og setje i gang, – ikkje fordi eg har korkje lyst eller ork, men fordi eg veit at det er til hjelp. For meg er det å halde seg aktiv god medisin mot bekymring og tunge tankar.
Her er noko av det som står på lista mi:
– NRK Klassisk + strikketøy
– Skrive ned kjensler og tankar
– Plukke blomar
– Ut og gå i allslags vêr og fotografere
– Lage plan for dei næraste dagane
– Stryke klede

Tussilago farfara; det aller fyrste vårteiknet hos oss på Helgerud.

For meg er det også viktig å ha noko å glede meg til.
No om dagen gler eg meg til våren.
Denne gradvise endringa frå vinter til vår, frå det eine til det andre, har alltid fascinert meg.

Då eg var lita kjende eg ei heilt spesiell glede over å finne ein berr flekk under ei gran. «Sjå, der er våren!» Eg visste at snart kunne me teikne paradis med kleberstein på vegen og springe i småsko med lette steg. Framleis skapar dei berre flekkane glede. Framleis blir eg glad for å kunne pakke bort støvlettane og ta på meg joggesko før eg går ut på vårlege, berre  vegar. Kanskje dette er litt av det som er kunsten i å kunne glede seg, – å vere glad slik som eit born er det?

Me kalla dei maiblom då eg var lita, men det er vel vårpengeurt som er namnet. Uansett namn så bringer dei med seg stor glede.

Våren her ved Helgerudhuset handlar også om ein del arbeid. Hagen må gjerast ferdig og planen er klar. Den inneheld blant anna planting i skråningar, planering av ein ny sitteplass, blomstereng og ein leikeplass for vaksne. Eg klør i fingrane etter å kome i gang, og då gjeld det å ikkje gå fullstendig bananas i blomsterbutikken. Samstundes med at eg gler meg til å få til det nye, er eg svært spent på om det eg planta i fjor har overlevd og vil titte fram att i år.

Nedanfor her har me planar om å kunne sitje og nyte sumaren. Det er berre ein jobb som må gjerast fyrst.
Pelargoniane har overvintra i den mørke kjellaren. No har dei fått ny jord og ser ut til å trivast. Dei skal ut i hagen den dagen det ikke er fare for fleire frostnetter.

Eg er så heldig at eg har fått både born og barnebarn. Desse fire, som alle bur i hjartet mitt, representerer både dei største gledene og dei største bekymringane i livet mitt. Slik er det med kjærleiken. For å kunne vere glad, må eg akseptere at eg ikkje har kontroll over korkje andre menneske eller over livet. Alt er i endring og det kjem det til å fortsetje å vere framover. Men akkurat no kan eg glede meg over å få feire påske med desse nære og kjære. Kanskje kjem det fleire også. Kanskje blir desse dagane ein fest. Påskeharen kjem i alle fall, for han har me invitert.

I Tysklande er det fleire harar en kyllingar i påskepynten. Desse fine, små hadde svigerinna mi med seg då ho var på vitjing for kort tid attende.

Eg er veldig heldig som stort sett aldri har det vanskelegare enn at eg klarar å fokusere på minst ei lita glede. Eg beklagar dersom eg av og til høyres ut som ei blanding av ein predikant og ein kvasipsykolog, men eg trur fakstisk på at summen av dei små gledene er viktig for at me skal kunne kjenne oss tilfredse med livet. Når eg seier «små gleder», så meiner eg eigentleg dei ørsmå, – slike som lukta nedi kaffiboksen, det skiftande vêret og nyvaska sengetøy.

Eg ynskjer alle som les ei fin påske og gode vårdagar framover.
Samstundes med at eg tek innover meg alt alvoret, skal eg leite etter fleire ørsmå gleder og ikkje gløyme gleda over å kunne halde om og halde av. 

Helsing frå
Karen-Margrethe

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

2 kommentarer om “Å GLEDE SEG OVER OG Å GLEDE SEG TIL”

  1. Tankevekkende påskeblogg ! Oppdaget nå at du la den ut 9. april 2022 = dagen da vi feiret 46 års bryllupsdag.
    Og jeg husker min mormor sa den gang da: skal du gifte deg den 9. April⁉️ Og jeg svarte: Slapp av, mormor.. det går nok bra og skal vi skilles gjør vi det nok 8. Mai … HVA??? Skal du skilles også⁉️⁉️ Akk ja. Et godt minne. Fortsatt god påske til deg💫

    Likt av 1 person

Legg igjen en kommentar til Kjærefolk Avbryt svar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: