IRRITERT ELLER OVERRASKA

Kjære folk!

Denne våren har tvila på seg sjølv og nøla uvanleg lenge. Skulle han våge seg frampå? No er han endeleg her, – han kom til og med til oss her på rundt 460 meter over havet. Han kom og gjorde seg raskt om til tidlegsumar. Ljoset er her og luktene er på veg. Det er berre å gle seg. 

Men det er ikkje våren eg fyrst og framst vil skrive om i dag; Eg prøver å vere observant når det gjeld mine eigne kjensler. Det inneber også å prøve å oppdra meg sjølv til å bli overraska i staden for å bli irritert. Det vil eg skrive om. Bileta derimot, dei skal handle om våren. 

Valmuene og humleblomane lyser allereie opp i blomebedet

Å vere irritert eller å ergre seg liknar jo til forveksling på å vere sint. Det er inga god kjensle og den kjem når eg kjenner på noko som på eit eller anna vis er plagsamt. Sjølv om ei overrasking kan vere både behageleg og ubehageleg, kjenner eg det som meir positivt å bli overraska enn å bli irritert. 
Meg sjølv som irritert: Hei! Kan du ikkje berre slutte med det der. Det er til å bli galen av!
Eg som overraska: Hmmm, – er du slik du? Det var jo originalt. 

Tulipanane har nyleg opna seg. Det var ei overrasking at dei var mangedoble i kronblada.

Men eg beklagar å måtte seie at dette med å prøve å bli overraska slett ikkje alltid funkar. 
For ikkje så veldig lenge sidan var eg og mannen min på konsert. Ved mi venstre side sat ei dame i 40-åra. Ho hadde mobiltelefonen sin i handa. Lyden var slått av, men ho måtte sjekke innhaldet kvar gong den lyste opp i fanget hennar. Ikkje nok med det, – ho måtte svare alle også og vise meldingane til fyren ho hadde med seg. Eg prøvde å halde på kjensla av å vere overraska; «jasså, det var pussig oppførsel under ein så fin konsert, – ja, ja, – slik er du». Men etter rundt 15 minutt tok irritasjonen overhand og eg var ikkje berre søt og mild då eg sa «Hei! Kan du vere grei å legge vekk mobilen. Lyset er svært forstyrrande.»Resultat: Telefonen hennar forsvann ned i handveska og både ho og eg fekk konsentrert oss om musikken.

Heggen blømer på Helgerud

Kjensla av irritasjon kan fortelje meg noko om meg sjølv. Denne gongen fortalde reaksjonen min meg at eg likar ikkje å bli forstyrra når eg sit i mørkret og er klar for å få med meg ei musikalsk oppleving. Kanskje det er heilt ok å bli irritert? Eg må jo akseptere mine eigne kjensler, eller?

Alle dagar er ikkje like. Det finnes dagar då det er lettare å bli irritert enn andre dagar. Spesielt i periodar med mykje stress eller når det er svært travelt, kan det bli slik at ein kjenner seg som aleine midt i blant idiotar, – for det er nok triggerar der ute:
– når folk møter kjenningar og stansar for å prate midt framfor inngangspartiet til butikken
(men kanskje dei ikkje har sett kvarandre på veldig lenge og er så glade for å sjå kvarandre at dei gløymer både tid og stad)
– når sjåføren i bilen framfor deg køyrer i 50 i 70-sona og det er umogeleg å kome seg forbi
(men kanskje hen ikkje likar å køyre bil og er til og med litt redd, men berre måtte ut med bilen fordi ingen andre kunne akkurat i dag)

Bekkeblomen fortel at det er vår på Ål

Som oftast går det bra å puste med nasen og la seg overraske, – men ikkje når mørkret har senka seg i kino-, teater- eller konsertsalen. Då vil eg at folk skal ha den same oppdraginga som den eg sjølv har fått: Hald kjeft, sit roleg og ikkje forstyrr! Dette lærte eg om meg sjølv ein kveld i Ål Kulturhus.

Øvre-Ål rundt er ein fin tur der ein kan møte på desse fine.

Har du høyrt om misofoni? Dersom du blir nesten galen av knasking, gomling og smatting, kan det vere at du har ei liding som heiter misofoni, som rett og slett tyder hat for lyd. Triggerlydane kan også for eksempel vere tung pusting og klikking med kulepenn. Det er også slik at du ikkje er spesielt original dersom du irriterar deg over desse lydane. Det er faktisk mellom 15 og 20 prosent av oss vaksne som har misofoniske trekk. 

Irriterande? Ja, men er det ikkje endå meir forunderleg at ingen har fortalt dei  som smattar at det ikkje er heilt vakkert å lage høge lydar når ein et? Det som også er litt forunderleg, er at dei personane som blir så irritert av slike lydar, aldri kjenner seg plaga av dei lydane dei lagar sjølv. 

Bergenia mot ein gammal mur.

Sjølv om det er heilt vanleg å irritere seg, har eg tenkt å fortsette å prøve å bli overraska i staden for irritert. Eg vil jo mykje heller ha eit liv fullt av overrasking enn eit liv fullt av irritasjon.

Maigull veks på våte stader. Denne likte seg godt i skuggen rett ved ein bekk.

Eg ynskjer alle ein fin junimånad.

Helsing frå
Karen-Margrethe

Ukjent sin avatar

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

Legg igjen en kommentar