Kjære folk!
Det er viktig at born lærer seg gleda ved å gje, ikkje sant? Eg ville så gjerne at borna mine skulle glede seg til å opne gåvene på julekvelden, men eg ville aller helst at dei skulle glede seg vel så mykje til at me skulle opne dei gåvene dei hadde pakka inn til oss vaksne. Dette året skulle storebror og veslesyster få pengar i lomma og gå aleine til sentrum for å kjøpe julegåve til mor og far. Det var stas. Dei var rake i ryggen då dei gjekk av garde, og dei var blide og framleis gode vener då dei kom att.