DEN SVARTE KATTEN

Kjære folk!

Det er viktig at born lærer seg gleda ved å gje, ikkje sant? Eg ville så gjerne at borna mine skulle glede seg til å opne gåvene på julekvelden, men eg ville aller helst at dei skulle glede seg vel så mykje til at me skulle opne dei gåvene dei hadde pakka inn til oss vaksne. Dette året skulle storebror og veslesyster få pengar i lomma og gå aleine til sentrum for å kjøpe julegåve til mor og far. Det var stas. Dei var rake i ryggen då dei gjekk av garde, og dei var blide og framleis gode vener då dei kom att.

Frå denne dagen og fram til julekvelden fekk me ofte spørsmål frå dei to om kva me ynskte oss til jul. Dei håpa nok at me skulle seie akkurat det som dei hadde i pakka si.

Då julekvelden var der, hadde dei det travelt med å få lagt gåvene under treet. Den eine pakka vart svært godt passa på, og det var tydeleg at dei gledde seg til at det nettopp skulle bli den gåva sin tur. Då me skulle pakke opp, stod dei begge tett inntil oss og såg. Forventninga var slik at me alle kunne kjenne den.

Inni papiret var ein ask, inni den meir papir og deretter silkepapir. Etter å ha bretta alt fint til sides, kunne eg løfte opp denne vakre, svarte katten.

img_1788

Då eg sat med han i fanget, kom tårene. Ungane mine stod med store, redde auge og stirde på meg. Eg gret og gret fordi eg var så glad og fordi alt var så fint. Eg forstod ganske raskt at eg måtte ta meg saman og prøve så godt eg kunne å forklare kvifor vaksne tårer ofte renn mest dei gongene alt er som finast.

Eg er veldig glad i denne katten.

Helsing frå K-M

 

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

2 kommentarer om “DEN SVARTE KATTEN”

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: