Kjære folk!
Å vekse opp med ein kjærleg far, er eit fantastisk utgangspunkt for resten av livet.
Han fortalde meg at eg var bra nok, flink nok og vakker nok. Omverda klarte aldri å overtyde meg om det motsette.
Han tok meg med på tur ut i naturen og let meg kjenne at det var fantastisk å vere ein slik liten puslebit i dette forunderlege puslespelet.
Han lærte meg å danse. Heilt frå før eg kunne gå, dansa han med meg. Han let meg ikkje gå på fest før han syntes eg var flink nok til å danse.
På hundreårsdagen hans skreiv eg dette diktet:
min eigen viddevandrar
bergbuar
fjellfant
i lettbeint trav
mellom fjellbjørk
over lyng
sveitt og
med vekegamle skjeggstubbar
min eigen trøystetalar
søtsnok
lekselos
måtte ut og gå
kvar gong tårene stod
i augene
blå var dei
isbreblå
handa mi
lita i hans
fort gjekk han
fortare
med meg i ryggsekken
no er eg
i takksemd
over alt eg ikkje
forstod
då
Då han gjekk ut realskulen med dei aller beste karakterane, skulle han nok ha ynskt at verda var slik då, at han kunne ha gått vidare på skule og studert til lege. Men farmor var enke, og far min hadde fleire sysken som alle skulle ha sitt. Det vart jernbaneskulen, og han avslutta yrkeskarrieren sin som stasjonsmeistar på Ål stasjon.
Eg hugsar godt då ein av dei tilsette ringte og sa «Ja, hallo, dette er Andersen, er`n Konrad inne?» Kan hende fortel denne måten å spørje på litt om kva slags sjef far min var?
Helsing frå K-M
Kjære KM
Nå har jeg lest alt på bloggen din så langt. Du bruker et lettlest, tydelig, velformulert og «godt språk», og takk for det! Temaene du tar opp er interessante, og synspunkter, argumenter og vinklinger gjør at jeg skal følge deg videre med oppmerksom og interesse.
Godt jobba og ferdig snakka!
Mvh Helge
LikerLikt av 2 personer
Kjære Helge!
Det var en staskommentar å få for en nybegynner i dette gamet. Tusen hjertelig takk! Jeg skal gjøre så godt jeg kan slik at innleggene blir lesverdige framover. Ønsker deg gode høstdager!
Vennlig hilsen K-M
LikerLiker
Fint dikt som ga ein flott beskrivelse av ein kjær far😘
LikerLikt av 1 person
Takk, Tone Gerd! 🙂
Dikt og nynorsk passar så godt når ein skal uttrykke kjensler, det meinar no eg.
Det er så godt å vite at du er der og les.
LikerLiker
Jeg kjente jeg ble varm om ørene av de små fortellingene dine! Huff! Du skriver godt Karen Margrethe! Nøkternt og greit. Bra!
LikerLikt av 1 person
Tusen, hjertelig takk, Anne! Det gjør godt med slike kommentarer! Jeg prøver å være litt pirkete både når det gjelder språk og innhold, og det er veldig hyggelig når noen setter pris på det. 🙂
LikerLiker