Kjære folk!
Barnebarna er ein verdifull del av livet mitt, – slik det sannsynlegvis er for alle besteforeldre. Eg nyt å bu så nær at eg kan glede meg over samveret kvar einaste veke.
Ein gong på 70-talet var eg heilt sikker på at han som er bestefar til barnebarna mine, skulle bu i eit besteforeldrehus saman med meg og at me skulle ha felles barnebarngleder. Slik vart det ikkje. Eg var likevel heldig. Eg fann meg ein annan som er bestefar for sine, og no er det fint akkurat slik det er.

Likevel tenkjer eg av og til på at skilsmisser har konsekvensar i fleire generasjonar framover og at det finnes ei ørlita sorg der, som me sjeldan set namnet på.
Dette vesle diktet handlar om denne altovergripande kjærleiken til barnebarn, men og om det vesle lynglimte av eit minne om noko som kunne ha vore.
Vitjing
Eg vert aldri
mett
av desse
djupblåe blikka
eg vert aldri
lei
av desse
mjuke kjakane
dei faste nevane
eg ser han og
eg ser meg
me har kvar vår firedel
utan oss
ville ikkje
desse undera
vore vidunderlege
nett slik
me har ikkje oss
men det har
dei
Helsing frå K-M