MÅ ME SNAKKE OM DET?

Kjære folk?

No går denne påska mot slutten, men her eg er, skin sola framleis frå ein klarblå himmel med berre to små pynteskyer på seg. Det har vore fine dagar, og eg har ikkje skjenka bloggen min mange tankane den siste veka. I dag tidleg vakna eg og kjende at eg var skrive-K-M att. Eg gjekk laus på den planen eg hadde laga meg, og der stod det «tabu».

IMG_2940
Framleis det same, fine påskeveret.

Fyrst måtte eg leite fram vekesgamle tankar. Kva er eit tabu og kvifor vil eg skrive om det?

Eit tabu er eit slags forbod, noko me av ein eller annan grunn meiner, føler eller trur at me ikkje skal snakke om. Slike tabu har funnes i folketrua vår, i eldre dagar i Noreg og framleis innanfor religionar og i andre land. Men me skal ikkje innbille oss at me er kvitt alle tabuområda våre her på vår eigen vesle haug. Det er framleis mykje mange av oss held oss unna å snakke om.

IMG_2222
Må me snakke om det?

I november 2014 uttalte tidlegare polititopp Hanne Kristin Rohde dette til NRK: «Vi har fryktelig mange tabuer i Norge.» Ho kjende seg godt att i ein rapport som viste at nordmenn flest kvir seg for å kome med kontroversielle meiningar offentleg. Me teier i staden for å risikere å såre.

I februar 2015 peika Knut Olav Åmås på heile ti norske tabuemne, og det har vel ikkje endre seg i så veldig stor grad desse åra som har gått sidan då:

  • Å velje å ikkje få born
  • Å vere avhengig av vanedannande medisinar
  • Å ha omsorg for eigne foreldre
  • Å ikkje kunne fylgje opp borna sine
  • Sexmisbruk av menn
  • Å vere etnisk norsk i mindretal
  • Den nye økonomiske overklassen
  • Å vere einsam
  • Å vere fattig i Noreg
  • Naturleg nakenheit

Eg vil ta for meg dei tre siste, og i tillegg det å vere psykisk sjuk. Eg vil dessutan skrive om døden. Dette emnet kjem eg til å skrive fleire blogginnlegg om.

Er det eit poeng i seg sjølv å bryte desse tabua? Ja, eg trur det. Eg trur at slike tabu er kulturelt skapte normer som berre er til for å skape skam. Den einaste måten å bli kvitt dei, er å bryte dei.

Sjølvsagt må me ikkje snakke om alt mogeleg, og sjølvsagt må me ha lov til å halde noko for oss sjølve. Men dersom det er slik at me ikkje tek tak i desse tabuområda berre fordi det kjennest skammeleg, då meiner eg det er lurt å bidra for å få desse tinga opp på dagsordenen. Seksualitet, sjukdom og død kan vere vanskeleg å snakke om, men som eg likevel trur kan vere godt å få lufta tankar om.

Som eg seier til barnebarna mine: Det me kan snakke om, det kjennes ikkje fullt så farleg lenger etter at me har snakka om det. Difor snakkar me om det.

Helsing frå K-M

 

 

 

 

 

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

2 kommentarer om “MÅ ME SNAKKE OM DET?”

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: