Kjære folk!
Denne hausten vil eg gjerne lære noko, oppleve noko eg ikkje har vore borti tidlegare og få mogelegheit til å gå ute i naturen.

Sjølvsagt vil eg og sitte inne framfor TV-en og glo, for eg innrømmer gjerne at det er nokre program eg berre MÅ få med meg, elles vil eg kjenne det som om eg går glipp av noko viktig.
Heldigvis slepp både NRK og TV2 i god tid laus det dei har halde hemmeleg, slik at me får anledning til å glede oss i vekesvis. Eg snakkar her om to av yndlingsprogramma mine. Stjernekamp er allereie godt i gang og eg gler meg til å fylgje artistane vidare når dei kjempar om å bli den ultimate artisten i Noreg.
Eg hadde og byrja å sjå fram til den niande sesongen av «Hver gang vi møtes» der sju artistar bur saman og framfører eigne versjonar av låtar dei andre er kjende for. Dette er rett og slett godt fjernsyn. Men, – kvar blir dei av? Er ikkje dette eit haustprogram? Etter jul? Ja vel. Og eg som var budd på å grine saman med artistane, slik som tidlegare sesongar. Då kan eg i staden glede meg heile hausten og heilt spesielt denne gongen sidan både Odd Nordstoga og Aslag Haugen er med. Gromt og norsk.
Forlaga sine haustlanseringar viser at det også er mykje å glede seg til mellom to stive permar. Desse vart eg spesielt nysgjerrig på
– Jeg vil foreslå at vi våkner av Beate Grimsrud
– Fuglenes anatomi av Merethe Lindstrøm
– Full spredning av Nina Lykke
Nokre av dei endar nok opp på ynskjelista til jul.
I god tid før august månad kjem, har me finlese haustprogramma for Nøtterøy Kultuthus, Ål Kulturhus, Oslo Konserthus og Den Norske Opera og Ballett. Det er mykje som freistar, men skulle ein få med seg alt, ville det ha blitt både dyrt og ansamt. På haustplanen står ein opera, ein jazzpianist, ein symfoni og ein intimmusikal som blandar teater, konsert, poesi og lys.

Det hender at mannen min spør meg om det er noko spesielt eg har lyst til å oppleve, og ikkje så sjeldan overraskar han meg med akkurat det eg har øvst på ynskjelista mi. «Eg har lyst til å gå tur i eit fjell eg aldri tidlegare har gått i», var svaret mitt denne gongen. Eg håpar på godt ver!
Sjølv om eg elskar å leggje gode planar, prøver eg å hugse på at det er viktig å ta seg tid til å leve langsamt. Livet handlar slett ikkje fyrst og fremst om alt det me klarar å oppnå. Når eg set meg ned for å gjere ingenting, er det fort gjort å drukne tankane i facebook-oppdateringar og instasurfing i staden for å kjenne etter det livet som er akkurat her og no.
Dersom eg ikkje klarar å vere til stades i livet mitt, får eg heller ikkje noko ut av det eg planlegg å oppleve.
Helsing frå K-M