Kjære folk!
Ja, eg har hage.
Dei som vitjar hagen, seier at han er litt fin.
Nei, ingenting gjer seg sjølv, og slett ikkje ein hage.

Når hausten er over oss, må hagen sjølvsagt gjerast klar for vinteren.

Hausten er ei veldig fin tid for å plante og plante om. Eg har staudar som skal delast. Det har eg aldri gjort før. Eg har lest meg opp, så eg trur det kjem til å gå bra. Om hausten er jorda framleis varm etter sommaren og god og våt etter regnbygene. I slik jord er det mogeleg for plantene å danne nye røter. Dei må berre få litt tid til å venje seg til å vere delt og å få litt ny plassering.
Eg har kjøpt løk. Mange! Dei skal plantast ut slik at eg kan glede meg til fargeprakt til våren. Løk skal plantast så djupt som to til tre gonger høgda på løken.

Fire pallekarmar har funne plassen sin i eit hjørne. Her skal det såast sommarblomar og snittblomar til våren, slik at eg kan plukke inn blomar til alle krukker og vasar heile neste sommar. Karmane må stellast og målast før det vert for rått og kaldt.

Naturlegvis er det også ein god del småjobbar som må gjerast før den fyrste frosten set inn:
- Rake plenen
- Legge lauv rundt roser og andre planter som er kjenslevare for frost
- Plante kvitlauk i den pallekarmen der det veks urter
- Tømme og lagre pottene der det har vore sommarblomar
- Setje limringar rundt stammene på frukttrea for å hindre at larvane til frostmålaren klatrar opp i trea og legg egg
Det er alltid noko å sjå fram til.
Det er alltid noko å oppdage.
Samstundes som lauvskogen står i raudt og gult, blomstrar dei staudane som gjev fargar til hagen om hausten.
Det er rart å tenkje på at før eg flytta hit, kunne eg absolutt ingenting om hagestell. Eg visste heller ikkje at eg kom til å like å grave i jorda. Hagen min er eit prov på at prøving og feiling er ein aldeles storarta strategi for hageeigarar.
Helsing frå K-M