SEIN HAUSTKVELD

Kjære folk

Før eg går over til eit nytt tema, avsluttar eg skriveriet om haust med eit dikt.

IMG_3779

I dag har sola
kviskra så lågt
tett inntil øyret mitt
at eg har gått utan
solbriller og sett den
lågmælte lyssetjinga
på bognande rognebærgreiner
og gulna bjørker som
kulissar rundt
det me kallar haust

No kan eg ikkje sove

IMG_3857

Eg høyrer stjernene
Dei syng
Eg høyrer doggdråpane.
Dei kjem listande.

IMG_3854

Natta har sett døra
på klem, men
det er altfor tidleg
å vente
på larmen
frå morgonen

IMG_3822 2

Eg kan ikkje sove
Haustdagane som var
og som kjem
held meg vaken
med born som leikar,
vakre menn med lengt i blikket
og gamle damer som dansar
med solskinet kviskrande
tett inntil øyret


Helsing frå K-M

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: