DEI SISTE TRE ÅRA

Kjære folk!

Jorda har gått tre rundar i banen sin rundt sola på den tida me har budd på Ål.

For tre år sidan skreiv eg slik her på bloggen: «Å flytte er å byrje på nytt. Denne «restarten» vår tyder rett og slett at me har gitt oss sjølv ein ny sjanse, og trass i at det ikkje fyrst og fremst er ungdommeleg eventyrlyst som styrer stega våre, kjenner me at det er både nyttig og morosamt med ein slik omstart i livet.»

Etter tre år er det vel på tide å spørja; har det vore både nyttig og morosamt? Eg tenkte no at eg skulle ta for meg noko av det eg trur er viktig for å kunne trivast og ha det bra der ein bur.

Dette biletet tok eg på tur Øvre-Ål rundt 19. juni

Fortsett å lese «DEI SISTE TRE ÅRA»

KUNST, KLEM OG Å VAKNE LITT FORVIRRA

Kjære folk!

I dag startar eg med denne vesle samtalen, som passar heilt fint til slik eg har det medan eg sit og skriv:

Kva for ein dag er det?
Det er i dag, svara Nasse Nøff.
Min favorittdag, sa Ole Brumm (A. A. Milne)

IMG_4400

Fortsett å lese «KUNST, KLEM OG Å VAKNE LITT FORVIRRA»

HAUSTPLAN

Kjære folk!

Denne hausten vil eg gjerne lære noko, oppleve noko eg ikkje har vore borti tidlegare og få mogelegheit til å gå ute i naturen.

IMG_0880
Det er sjeldan eg kjenner meg så fri som når eg er ute i naturen.

Sjølvsagt vil eg og sitte inne framfor TV-en og glo, for eg innrømmer gjerne at det er nokre program eg berre MÅ få med meg, elles vil eg kjenne det som om eg går glipp av noko viktig.

Fortsett å lese «HAUSTPLAN»

SONG I SKULEN

Kjære folk!

Det vert ofte snakka mykje om trening, kroppsøving og om å røre seg mest mogeleg for helsa si skuld. Om att og om att høyrer me at å sitje for mykje i ro ikkje er bra. Dette er heilt rett. Det er viktig at born og unge (ja, eldre og, for den saka si skuld) blir motiverte, og kanskje også tvinga, i og utanom skuletida til å få bakenden opp frå stolsetet. Det er bra at det blir sett av tid i skulen til slikt.

For å få plass til meir av noko, må det kanskje bli mindre av noko anna. Men kor mange minutt tek det å synge ein song? Har nokon brydd seg med å finne ut kva konsekvensane blir av å slutte å synge? Trur folk at song berre er tralala utan anna meining enn tidtrøyte?
Fortsett å lese «SONG I SKULEN»