TABU OG FANTASIAR

Kjære folk!

Ute er det strålande vår. Her inne har det no i fleire veker handla om ganske tunge ting. Eg trur eg må finne på noko å skrive om som har litt lettare rytme og noko gladare innhald etter dette.

IMG_2977
Holmestrand 11. mai klokka 07:34

Som avslutning på temaet om tabu, død og slikt; to dikt som eg ikkje heilt veit om er mest tøys eller alvor. Her kjem fyrst eit dikt om slikt som er tabu:

Elefantane
Alt dette er berre for moro,
for våren som kjem
med papirdokker
og revar bak øyret. Ingen
har noko å røme frå
her

Elefantane
dei står ute. Dei
ventar
på at ein eller annan idiot skal
late opp gapet sitt
og sleppe dei ut
fram
inn i rommet
slik at all denne gleda kan gå over

IMG_2245

Og heilt til slutt ein liten fantasi om etter døden

Eg skal danse
Når Frank Sinatra grip
mikrofonen,
Martin Luther King jr. stemmer bassen og
Simon Peter set seg ned ved trommene, då
spring eg over plenen
for å kome heilt fram til scena
Der skal eg stå
med armane i veret,
danse, duve
og klappe på toaren
heile kvelden. Dagen

etter
har Marie Curie munnspelkonsert
med Maria Magdalena på obo
det er fint det og

God laurdag!

Helsing frå K-M

 

 

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: