ENDÅ EIT ÅR ELDRE

Kjære folk

Det er veldig fint å få lov til å feire eigen bursdag, – og spesielt fint saman med folk ein er glad i. Sjølvsagt er det ikkje moro å sjå og merke at stadig fleire aldersendringar kjem snikande, men slikt er det berre ein ting å gjera med; å godta. Akkurat som med vêret. Det nyttar ikkje å surve over det heller.

Rett i ryggen og grå i håret. (I den nye boka, som i den forrige, skal kvar bolk ha eit svart-kvitt-bilete som start. Fru Løvetann her skal pryde den bolken som heiter «Dette er den tida me har».

Fortsett å lese «ENDÅ EIT ÅR ELDRE»

NYTT ÅR, – OG KVA SÅ?

Kjære folk!

Nyårskvelden er over. 
Saman med gode vener har eg hoppa inn i det nye året.
No har eg krølla meg saman i sofakroken. Det er tid for å nyte dei siste restane av juleraud familieglede og for litt ettertanke og litt framtidshåp, – alt til akkompagnement til Nyttårskonsert og Hoppveke.

Gårsdagens stjernefeiring

Dersom eg skal gjere opp status, kjenner eg på takksemd for små og store ting i det året me har bak oss:
– det viser seg at det kan gå bra sjølv når ein trur at alt håp er ute
– å vere saman med gode vener skapar gleder som varar og varar
– familie vil alltid vere det aller viktigaste
– det er slett ikkje så farleg å bli såpass gammal at det er sju-talet som viser talet på levde tiår
– når einkvan ser at sjølvkjensla krympar og hen bryr seg
– så godt det er å bli mottatt med smil og glede i staden for med skepsis
– tildelte oppgåver som gjer at ein møter nye menneske og kan glede seg til neste gong

Fortsett å lese «NYTT ÅR, – OG KVA SÅ?»

ALT DET EG HAR MED MEG HEIMANFRÅ

Kjære folk

Etter at eg kom til Ål, får eg stadig høyre dette:
– «Du liknar veldig på mor di.»
– «Du har same farten som far din, du.»

Dette har fått meg til å tenkje over alt det eg har fått med meg vidare i livet frå desse to. 
Eg kan også kjenne meg litt stolt når eg presenterer meg og eg får høyre den andre seie «Erlandsrud, ja, dei hugsar eg godt.»

Fortsett å lese «ALT DET EG HAR MED MEG HEIMANFRÅ»

TANKAR OM KVA SOM KJEM FYRST, SIST, FØR OG ETTER, men om alt anna enn egg og høner.

Kjære folk

Midt imellom interessante debattar rundt regjeringsplattforma, presentasjon av den nye regjeringa, vitjing frå nære og kjære, feiring av ein nyslått 18-åring og ei litt innvikla strikkeoppskrift, har eg sett meg ned for å skrive, – men ikkje om noko av det eg har nemnt så langt.

Dette biletet har Vilde Jagland tatt. Ho er journalist i Hallingdølen, og var heime hos oss for å lage ein reportasje om å rehabilitere gamle hus.


I det siste har ein del hendingar, kopla saman med sitat som eg på tilfeldig vis har støytt på, fått meg til å tenkje på det eldgamle og litt utslitne spørsmålet om kva som kom fyrst, høna eller egget. Sjølv om dette egg/høne-temaet nok ikkje er utdebattert, skal eg ta for meg noko langt anna enn høner og egg i blogginnlegget mitt i dag. 

Her er frukosthøna vår – på laurdagar er det egg på frukostbordet.

Her i dag skal eg blant anna drive med slikt eg kallar tanketull om kva som kjem fyrst; takksemd eller glede, godt liv eller god mat og alder eller visdom. 

Fortsett å lese «TANKAR OM KVA SOM KJEM FYRST, SIST, FØR OG ETTER, men om alt anna enn egg og høner.»