Kjære folk!
«Eg har høyrt at du er plaga med litt hovudverk av og til?» Ja, for kor gale kan det vere å ha migrene? No når eg ikkje er så plaga, kan eg seie ifrå for alle dei andre. No kan eg freiste å få folk til å forstå, for no er det ikkje meg det gjeld.
Migrene er kraftige, pulserande smerter som som oftast sit på den eine sida av hovudet. Anfalla kan vere så alvorlege at ein vert sengeliggjande. Det fylgjer ofte med kvalme. Migrene skil seg frå vanleg hovudverk ved at symptoma er fleire og sterkare. Ein til to dagar før anfallet, kan han eller ho få forstopping, vondt i nakken og hyppig vannlating. Dagen etter anfallet er mange slitne, utslått og litt forvirra. Hos dei som har hyppige anfall, kan dagen før falle saman med dagen etterpå. Slike dagar hende det at eg skreiv dikt.






