BLI MED MEG TIL SARDINIA

Kjære folk

Det kryr av 70-åringar rundt meg, – eller rettare sagt av folk som har eller snart skal fylle 70. Ikkje så rart kanskje, sidan dei aller fleste venene mine er slike som har eller snart skal feire dette runde talet, som undrar seg over kvar det vart av alle desse åra og som har bestemt seg for å gjera det beste ut av dei dagane som kjem.

Med ujamne mellomrom er me så heldige at einkvan ynskjer at me skal vera til stades når dei skal feire alle desse åra sine. Sist ut var svigerinna mi. Nei, dette vart feil; ho hadde nemleg ikkje ynskt seg noko som helst. Det var det borna hennar som hadde. Dei inviterte familie og vener til 70-årsfest på Sardinia utan at veslesystera til mannen min visste noko om det. For ei veke sidan kom me heim frå 14 fine dagar med solrik feiring. Eg fekk lyst til å ta dei som les bloggen min med på turen.

Ikkje noko vondt å seie om omgivnaden for feiringa.

Fortsett å lese «BLI MED MEG TIL SARDINIA»

DEI SISTE TRE ÅRA

Kjære folk!

Jorda har gått tre rundar i banen sin rundt sola på den tida me har budd på Ål.

For tre år sidan skreiv eg slik her på bloggen: «Å flytte er å byrje på nytt. Denne «restarten» vår tyder rett og slett at me har gitt oss sjølv ein ny sjanse, og trass i at det ikkje fyrst og fremst er ungdommeleg eventyrlyst som styrer stega våre, kjenner me at det er både nyttig og morosamt med ein slik omstart i livet.»

Etter tre år er det vel på tide å spørja; har det vore både nyttig og morosamt? Eg tenkte no at eg skulle ta for meg noko av det eg trur er viktig for å kunne trivast og ha det bra der ein bur.

Dette biletet tok eg på tur Øvre-Ål rundt 19. juni

Fortsett å lese «DEI SISTE TRE ÅRA»

Å SJÅ OG BLI SETT

Kjære folk!

Du, eg og alle andre kan både sjå og høyrast svært ulike ut, men me har alle noko felles; det grunnleggjande behovet vårt for å bli sett. 

Å bli sett er så viktig for oss at spørsmålet er om dersom ingen ser oss, er me til då?

I ein sang av Bjørn Eidsvåg, finn me dette refrenget:
«Se meg, hør meg
Kom inn til meg og rør meg,
kjære, hør meg
Det er en meg her inne
som famler rundt i blinde
Trå forsiktig inn og led meg
Trøst meg
gled meg, men fremfor alt
Se meg»

Frå 1966 til 1969 kjende eg meg sett av både lærarar og medelevar her på Ål Ungdomsskule.

Fortsett å lese «Å SJÅ OG BLI SETT»

MENN EG VIL TAKKE

Kjære folk

Livet mitt har sjølvsagt handla mykje om dameting, kvinnfolkgreier, venninneprat, småjentetankar, kvinnekamp og alt slikt som har hatt sin naturlege plass i eit kvinneliv. Slik har eg det jo framleis og mange av dei personane med viktige plassar i kvardagen min i dag er nettopp kvinner.

Av alle dei kvinnene eg har og har hatt i livet mitt, vil mor mi alltid ha den fremste plassen.

I dag vil eg likevel skrive om menn, – og til og med utan å nemne dei tre mennene som står meg aller nærast og som oftast er i tankane mine. Det har seg nemleg slik at korkje mannen min, sonen min eller barnebarnet mitt ville ha sett særleg stor pris på å få omtale i bloggen min.

Fortsett å lese «MENN EG VIL TAKKE«

ØKONOMIEN VÅR, VINTAGE OG HER

Kjære folk!

Eg er nok ikkje eit halvvegsmenneske. Når eg fyrst er i gang, så set eg fart og køyrer på. Det er like greit å få det gjort.
Det fine med det, er at eg stort sett er ute i god tid med det meste. Det trivst eg med. Ei av baksidene er at eg har litt vanskeleg for å sitje i ro dersom det er noko som skulle ha vore gjort. No om dagen er det pakking som står på programmet, men eg skal roe litt ned i påskeveka. 


I dag handlar det korkje om påske eller pakking, men om økonomi og gamle ting.

Fortsett å lese «ØKONOMIEN VÅR, VINTAGE OG HER»

LATTER OG KORLEIS STÅR DET TIL?

Kjære folk!

Det hender at eg verkeleg kjenner at eg sakanar sosialt fellesskap, og eg har fundert ein del rundt det i det siste. Her ein dagen kom eg på at når me skal på vitjing til einkvan, eller me er invitert bort til nokon, seier eg ofte at «eg håpar det blir triveleg». Eg har tenkt litt meir på akkurat det og funne ut at den trivnaden har eg jo sjølv eit ansvar for å ta med meg inn til folk når eg går for å vere i sosialt lag.

I dag skriv eg om smil, latter og lurar på korleis me eigentleg har det for tida. 

Eg gler meg til irrgrøne, små museøyre. Håpet er verkeleg lysegrønt.
Fortsett å lese «LATTER OG KORLEIS STÅR DET TIL?»

EIN DAG FOR HISTORIEBØKENE, NORMALT OG DETTE VESLE LIVET

Kjære folk!

Den siste tida har det dryssa litt vinterstemning ned over Holmestrand. Det er eg glad for.

Verda er slik no at det er mykje å skrive om, og det gjer at eg har mykje på hjartet.

Fortsett å lese «EIN DAG FOR HISTORIEBØKENE, NORMALT OG DETTE VESLE LIVET»

PERSONLEGDOM OG GAMLINGAR, TILPASNINGSDYKTIG

Kjære folk!

God morgon og velkomen til november.
For akkurat femti år sidan vart det halde folketeljing i Noreg. Då var det 3 874 133 av oss. (1. januar i år var folketalet 5 367 580) 

1. november 1985 kom Noregs fyrste pengeseddel med nynorsk tekst. Det var ein 50-lapp. 

Eg må innrømme at eg aldri har studert teksten på pengesedlane, – ikkje har eg sedlar å titte etter på heller. Eg lurar forresten på kor lenge det kjem til å finnes folk som går rundt med pengar i lommeboka si. 

Fortsett å lese «PERSONLEGDOM OG GAMLINGAR, TILPASNINGSDYKTIG»

SPENNINGA STIG, NYSGJERRIGPER, TREET OG DEN GAMLE DAMA

Kjære folk!

I dag er det allehelgenskvelden og/eller halloween. 
Markeringa av denne kvelden er opprinneleg ei heidensk feiring, som seinare vart gjort til ein kristen skikk, men som i vår tid har utvikla seg til ei ikkje-religiøs høgtid.

Sidan årtusenskiftet har det blitt stadig vanlegare å feire halloween i Noreg. I fylgje undersøkingar som Virke har gjort, brukar me mellom 200 – 300 millionar kroner på godteri, kostymer og pynt i samband med halloween-helga i Noreg!!! I år blir det nok annleis, og eg reknar ikkje med å få utkledde ungar på døra i kveld.

Nok om det. Eg har heilt andre ting på hjartet.

Fortsett å lese «SPENNINGA STIG, NYSGJERRIGPER, TREET OG DEN GAMLE DAMA»