TAKK FOR DENNE GONGEN, MAI, DU SKJØNNE, MILDE

Kjære folk!

Eg opplever at verda stadig blir meir uroleg og stadig meir urettferdig – og det er ingenting som gjer meg meir forbanna  enn den maktsjuke vondskapen mannfolka på verdstoppen dagleg viser fram. Men eg nektar å gje opp trua på menneska. Eg nektar å slutte å tru at me eigentleg er laga slik at me ynskjer å leva saman i fred. Difor håpar eg at verda etter kvart vil finne att ein slags ballanse. 

Eg nektar også å dvele ved alt dette vanskelege kvar time på dagen. Slik grubling kjem det ikkje noko godt ut av korkje for meg sjølv eller for andre. 

Denne våren treng eg ikkje leite lenge før eg finn noko vakkert å glede meg over. Her er nokre av blomane ved bekken slik dei stod 12. mai.

Fortsett å lese «TAKK FOR DENNE GONGEN, MAI, DU SKJØNNE, MILDE»

EKKO ELLER EIGNE TANKAR

Kjære folk!

Denne laurdagsmorgonen startar eg med eit stort og vanskeleg spørsmål:
Er du som eit ekko eller tenkjer du sjølv?
Eg trong tid for å finne eit svar som eg kan stå for. 

Det er jo ingen som tenkjer heilt fritt. Sjølvsagt overtek me andre sine tankar før me kan utvikle våre eigne. Som born overtok me tankane til mor, far, lærarar og andre vaksne som me stolte på og hadde tiltru til, – før me kanskje i ein periode valde å opponere mot det meste.

Det var ikkje meir opposisjon enn det det burde vera i denne 18-åringen. Her frå klasserommet på Hallingdal Gymnas
Fortsett å lese «EKKO ELLER EIGNE TANKAR»

NYTT ÅR, – OG KVA SÅ?

Kjære folk!

Nyårskvelden er over. 
Saman med gode vener har eg hoppa inn i det nye året.
No har eg krølla meg saman i sofakroken. Det er tid for å nyte dei siste restane av juleraud familieglede og for litt ettertanke og litt framtidshåp, – alt til akkompagnement til Nyttårskonsert og Hoppveke.

Gårsdagens stjernefeiring

Dersom eg skal gjere opp status, kjenner eg på takksemd for små og store ting i det året me har bak oss:
– det viser seg at det kan gå bra sjølv når ein trur at alt håp er ute
– å vere saman med gode vener skapar gleder som varar og varar
– familie vil alltid vere det aller viktigaste
– det er slett ikkje så farleg å bli såpass gammal at det er sju-talet som viser talet på levde tiår
– når einkvan ser at sjølvkjensla krympar og hen bryr seg
– så godt det er å bli mottatt med smil og glede i staden for med skepsis
– tildelte oppgåver som gjer at ein møter nye menneske og kan glede seg til neste gong

Fortsett å lese «NYTT ÅR, – OG KVA SÅ?»

PRAKTISK MEDKJENSLE

Kjære folk!

I desember i fjor fekk me ein vakker og nyttig kalender frå gode vener. Den heiter «Was mein Leben reicher macht, Glücksmomente für jeden Tag» (Slikt som gjer livet mitt rikare. Små, daglege lykkestunder).


Kvar morgon les mannen min ein liten snutt for meg. Dette har blitt ei slags rutine og er som eit Kinderegg på morgonkvisten. Tre gode ting på ein gong:
– Me har noko anna enn vår eigen kvardag å samtale om
– Det bringer gode kjensler inn på frukostbordet
– Eg må oppretthalde tyskkunnskapen mine

Måndag 7. august, den dagen det verkeleg byrja å regne her, las han dette:

«Ein eldre herre går krumbøygd over rullatoren og skyv ei vasskanne framfor seg mot eit lite tre som står framfor eldreheimen og ventar på vatnrasjonen sin der i gloheita. Så mykje praktisk medkjensle!»

Praktisk medkjensle! Så fint, tenkte eg, utan å forstå at dette var noko hallingane kom til å få øvd seg på å vise kvarandre i veker framover. Og folk har gitt kvarandre husrom, smurt brødskiver, flytta stein, stått vakt og tatt eit ekstra spadetak eller ti.

Fortsett å lese «PRAKTISK MEDKJENSLE»

ER DET IKKJE BERRE Å BESTEMME SEG?

Kjære folk!

Det har vore mykje kaos rundt oss dei siste dagane. Hans har herja med folk i kommunen min. Ål kommune sine tilsette og frivillige av alle slag har stått på for at dette skulle gå så bra som mogeleg. Me har fått lov til å flytte heim att, er takksame og har det bra. Men tre bustadhus er tatt av jordskred og mange andre har fått store skader på heimen sin. Dette er både vondt og vanskeleg og etterarbeidet vil nok bli krevjande på alle plan.

Det er sterke krefter i sving når store mengder vatn tek nye vegar. Her har bekken lagt frå seg fleire visittkort i hagen vår. Dette er for småtteri å rekne samanlikna med det andre står i. 

Men no er eg budd på å skrive om heilt andre ting enn ekstremvêret. I dag spør eg «Er det ikkje berre å bestemme seg?» Og mellom avsnitta vil eg putte inn bilete frå nokre fine stunder eg har hatt denne sommaren. Eg legg altså flaumen og vêret unna for ei stund og let tanken surre rundt noko heilt anna.

Fortsett å lese «ER DET IKKJE BERRE Å BESTEMME SEG?»

IRRITERT ELLER OVERRASKA

Kjære folk!

Denne våren har tvila på seg sjølv og nøla uvanleg lenge. Skulle han våge seg frampå? No er han endeleg her, – han kom til og med til oss her på rundt 460 meter over havet. Han kom og gjorde seg raskt om til tidlegsumar. Ljoset er her og luktene er på veg. Det er berre å gle seg. 

Men det er ikkje våren eg fyrst og framst vil skrive om i dag; Eg prøver å vere observant når det gjeld mine eigne kjensler. Det inneber også å prøve å oppdra meg sjølv til å bli overraska i staden for å bli irritert. Det vil eg skrive om. Bileta derimot, dei skal handle om våren. 

Valmuene og humleblomane lyser allereie opp i blomebedet

Fortsett å lese «IRRITERT ELLER OVERRASKA»

MED BLANKE ARK

Kjære folk!

Finnes det noko slikt som blanke ark?

I ein av dei mest velkjende Alf Prøysen-tekstane står det slik:
«Du ska få en dag i mårå som rein og ubrukt står
med blanke ark og farjestifter tel.
Og da kæin du rette oppatt æille feil i frå i går
og da får du det så godt i mårå kvell


Kor blanke er eigentleg desse arka som me får utlevert? Me vart alle føddde med gener samla opp frå fleire generasjonar attende og med dei foreldra og dei oppvekstvilkåra me var så heldige eller uheldige å få utlevert. 
På arket vårt var det også notert ein fødestad som me gjorde til vår, – eller måtte røme ifrå. Alt dette gjorde at arket vårt, heilt frå starten av, var fylt av mogelegheiter og utfordringar.

Fortsett å lese «MED BLANKE ARK»

Å LYTTE TIL ALLE LAGA

Kjære folk!

Altså: Eg skriv ikkje dette for å få attendemeldingar om kor flink eg er til å lytte. Dette handlar berre om kjensler, – akkurat slik som nesten alt anna og gjer.

Men eg vil gjerne vere ei som er god til å lytte. Og tru meg, eg prøver verkeleg. Men av og til, etter ein samtale med einkvan, sit eg att med ei kjensle av at eg har prata for mykje. Vart det altfor mykje meg? Den tanken kan eg slite med i lang ettertid. Eg vil jo helst vere ho som lyttar og det er ikkje så enkelt å kombinere med å vere ho som elskar å fortelje.


Men altså; å lytte, – som ikkje er det same som å høyre. Å høyre er jo berre å oppfatte lyd. Den som lyttar må vere både konsentrert, interessert og merksam. Ein god lyttar stiller gode, utfordrande spørsmål og får kanskje, på ein god dag, til og med til refleksjon hos båe samtalepartane.

Fortsett å lese «Å LYTTE TIL ALLE LAGA»

BERRE EIN AUGNEBLINK?

Kjære folk

Eg leita etter eit vakkert ord.
Tidleg ein sundagsmorgon i januar fann eg det.
Eg låg på ryggen inntulla i min eigen dynevarme og høyrde Stein Torleif Bjella synge «om ei ørliten stund» på radio. 
Om ein augneblink, tenkte eg, før norsklærarhjernen slo til med substantivbøying; ein augneblink, augneblinken, augneblinkar, augneblinkane.

For eit vakkert ord! Og eg veit jo at det er augneblinkane me hugsar. Alle desse ørsmå stundene som kjem og forsvinn. Ja, blir heilt borte dersom me ikkje legg merke til dei og tek vare på dei.

Onsdag 11. januar nådde solstrålane heimen vår for fyrste gong denne vinteren.

Fortsett å lese «BERRE EIN AUGNEBLINK?»

TANKAR VED BYRJINGA AV 2023

Kjære folk!

Eg har det slik at eg kvar desember gler meg veldig til å ta fram adventstjerna og gjere heimen min raudpynta og juletriveleg. I førjulstida er det finare enn fint å stå opp om morgonen, tusle rundt i det svakt opplyste tussmørkret og kjenne på den barnlege forventninga. 

Når nyårskvelden er over og me har skåla og hoppa inn i det nye året, kan eg nesten ikkje vente med å rydde vekk englar, nissar og raude ljos. Det skal vekk. Fort! Eg vil attende til kvardagsleg orden og struktur utan borddukar, krimskrams og altfor mange støvsamlarar. 

Fortsett å lese «TANKAR VED BYRJINGA AV 2023»