God laurdagsmorgon!
I dag tidleg vakna eg av at trekken frå det opne vindauget strauk meg oppover leggane. Golvet var kaldt mot berrføtene då eg stod opp, men eg hadde valsetakt i meg og visste at eg hadde dansa i draume. Eg kjenner det framleis og har tenkt å bevare gleda og rytmen frå draumen langt inn i den vakre formiddagen.
På mange måtar har dette vore ei strålande vårveke, men kvardagen er likevel ikkje akkurat så lett å setje ord på. Nesten ingenting er slik det pleier å vere. Mildt sagt annleis. Såpass annleis at det er tema som rett og slett kjennest som upassande å skrive om. I vekevis har det forståeleg nok nesten ikkje vore anna å lese i avisene enn om koronaviruset.
No vitnar det forhåpentlegvis om litt ljosare koronatider når me kan lese og høyre nyheiter om både etterretningstenestelov og tillit eller ikkje til ny oljefondsjef. Alt dette medan sola skin og våren bokstaveleg tala kjem sprettande.
Det er aldri for seint å få ein god start på dagen, seiest det. Eg har allereie starta bra, kjenner eg og håpar det tyder at resten av dagen vil bli ein god ein.
Det er tre fysiske ting eg helst ikkje vil gje slepp på. Det er godt grovbrød, mjukt do-papir og papiraviser. (Tenk at me kallar det pairaviser. Det er ikkje SÅ mange åra sidan at å setje papir framfor avis var heilt unødvendig. Kva skulle avisa elles vere laga av liksom?)
I dag er det laurdag, pairavisdag, og derfor litt ekstra hyggeleg.
Godt brød og aviser er med å gjere laurdagsmorgonen god.
I dag er eg i det filosofiske hjørnet.
Det eg byrjar å skrive om, er kanskje ikkje så morosamt, men det er godt meint. Me treng å bli minna på slikt og.
«Nokre gonger snør det i april.
Nokre gonger gjør det vondt i april.
Nokre gonger blør det i april.
Nokre gonger er det perfekt i april.»
Frode Grytten
Då eg var ung, hende det at eg gjekk bort til bokhylla heime, drog ut ei tilfeldig bok, opna den og sette fingeren ned på ei av sidene. Den setninga som peikefingeren min råka, skulle liksom fortelje meg noko om den dagen eg hadde framfor meg. Det må vere meir enn 50 år sidan eg leika den leiken sist, men i dag … – Nå må du ikke være så redd, sier han. Side 117 i «G for Goggen» av Tove Nilsen
Det var vel ikkje den verste måten å starte dagen på.
Det er merkelege tider. Dagane tuslar på eit vis vidare i lågt tempo for oss som ikkje har noko viktigare å ta oss til enn å halde avstand og å halde oss i ro. Men me gløymer ikkje alle dei som gjer alt det dei kan for å halde samfunnshjula i gang. Stor takk frå oss som er heime.
Det er ikkje alltid så lett å finne dei rette orda. No om dagen er det vanskelegare enn det pleier å vere. Me går alle rundt og har det same i tankane. Korleis hadde eg starta dette sundagsinnlegget dersom alt hadde vore … heilt vanleg? Slik kanskje;
Er 15. mars ein merkedag? Det er vel å ta i, men dette er dagen då den aller fyrste 10-kroners mynten vart sett i omlaup i 1984. Då er det vel større grunn til å fyre av ein konfettikanon eller to for at Likestillingslova tok til å gjelde frå denne datoen i 1979.
Dette kjennes som ein fullstendig upassande illustrasjon, men me har lov til å tenkje på andre ting og, – ikkje sant?
Her i huset skal me freiste å gjere denne dagen til ein ganske vanleg heimesundag medan vind og regn lagar haustlydar rundt huset og tankane held på med sitt.