SÅRBAR, DETTE HAR EG GLEDD MEG TIL OG DÅ ER EG MODIG

Kjære folk!

Morgonstund har kaffi i munn!
Noko av det fine med sundagsmorgonar er å sleppe å starte dagen med plikter. Som pensjonist er eg så heldig mest kvar morgon at eg kan starte dagen med noko eg kan nyte. Det er ei gåve.

IMG_4346
Ingen morgon utan!

Fortsett å lese «SÅRBAR, DETTE HAR EG GLEDD MEG TIL OG DÅ ER EG MODIG»

HEILT KONGE, BIND FOR AUGO OG MINST 30 000 TANKAR

Kjære folk!

God sundag!
Eg har sjekka gradestokken. Ikkje mykje til vintertemperatur her, nei. Seks leiande senter for vérdata er samde om at me får ein våtare, mildare og meir vindfull vinter i år enn vanleg. Slik vil det bli heilt fram til slutten av mars, seier ekspertane. Men når april kjem, vil me ha vår, ikkje sant?

Sundagane framover har eg tenkt å bringe vidare eit sitat som har fått meg til å tenkje, skrive om ei oppleving som har gjort noko med meg og prøve å setje ord på noko eg har tenkt på den siste veka.

IMG_4282
Takknemleg for gåva frå gode vener.

Fortsett å lese «HEILT KONGE, BIND FOR AUGO OG MINST 30 000 TANKAR»

HAUSTPLAN

Kjære folk!

Denne hausten vil eg gjerne lære noko, oppleve noko eg ikkje har vore borti tidlegare og få mogelegheit til å gå ute i naturen.

IMG_0880
Det er sjeldan eg kjenner meg så fri som når eg er ute i naturen.

Sjølvsagt vil eg og sitte inne framfor TV-en og glo, for eg innrømmer gjerne at det er nokre program eg berre MÅ få med meg, elles vil eg kjenne det som om eg går glipp av noko viktig.

Fortsett å lese «HAUSTPLAN»

OPPRYDDING OG PLANLEGGING

Kjære folk!

Mange starter på nytt 1. januar med nyttårsforsetter og forventninger til seg selv om et sunnere liv og bedre vaner. Jeg har følelsen av å få lov til å starte på nytt hver høst. Da er jeg klar for å snu steiner, åpne dører og leite etter bortgjemte skatter. Det ligger mye uopplevd og uoppdaget og venter på meg rundt svingen og over bakketoppen. Det er jeg helt sikker på. Kanskje ligger det noe spennende og glitrer rett borti hogget her. Det får jeg aldri vite hvis ikke jeg er villig til å ta på meg skoa, gå ut og finne det ut.

IMG_3722
Opp av sofaen, ut og gå.

Fortsett å lese «OPPRYDDING OG PLANLEGGING»

NY START – SKOLESTART

Kjære folk!

Noe av det som er så fint når sommerferien er over, er at skolen begynner igjen. Jeg tuller ikke! Jeg har alltid likt skolestart. Som barn handlet det blant annet om å være ett år større, kanskje om noen nye klær, om å rydde i pennalet, om lukta av nye bøker og jordbærviskelær, om alltid å ha noe å fortelle og om hyggen ved å sitte sammen med foreldrene sine og legge bind på bøker med ukjent innhold.

IMG_3745
Jeg liker å sitte sammen med barnebarna og hjelpe til med å legge bind på skolebøkene.

Fortsett å lese «NY START – SKOLESTART»

HAUSTFARGAR

Kjære folk!

Når nettene vert lengre, er det eit signal til lauvtrea våre om at no er det snart på tide å gjere seg klare for vinter og kulde. Blada går raskt frå å vekse til neste fase som er alder og død. Men dei tek ikkje farvel før alle dei verdfulle næringsstoffa er transporterte ut av blada og fram til stamma og røtene der dei vert lagra heilt til ein ny vår då det på nytt er bruk for dei som næring til ny vekst.

IMG_3800
Vekstene i hagen utanfor pensjonatet på Ål gjer seg klare for vinteren.

Fortsett å lese «HAUSTFARGAR»