Kjære folk!
Å vakne ein morgon og vere glad, – det er fint det!
Me må prøve å gjere dette til ein god laurdag, – uansett.

Fortsett å lese «NOKO POSITIVT, VEGVAL OG TO FRÅ DEN GONGEN»
Kjære folk!
Å vakne ein morgon og vere glad, – det er fint det!
Me må prøve å gjere dette til ein god laurdag, – uansett.

Fortsett å lese «NOKO POSITIVT, VEGVAL OG TO FRÅ DEN GONGEN»
Kjære folk!
God morgon!
I Noreg er likestilling ein sentral samfunnsverdi som me er stolte av og talar fint om når me skal vise fram det aller beste ved landet vårt. Men det er ingenting som kjem av seg sjølv, – heller ikkje likestilling.

Fortsett å lese «LIKESTILLING, KVINNEFELLESSKAP OG STATUAR AV NAMNGJEVNE KVINNER»
Kjære folk!
God morgon og velkomen til den tredje månaden i året. Det er både seinvinter og gryande vår. Me har 31 marsdagar framfor oss og i dag tek me fatt i vissa om at det vil kome både dagar og netter med meir av både ljos og varme.

Fortsett å lese «KUNSTSTØNAD, FJELLBYGDER, Å HJELPE LITT TIL OG BLÅBÆRLYNG»
Kjære folk!
Om du synes det er for tidleg eller for seint, om du har sove godt eller vore mykje vaken, så ynskjer eg deg ein god laurdagsmorgon. Laurdag er det uansett. Eg for min del likar desse helgemorgonane, – å setje seg ned og skrive medan dagen blir stadig ljosare der ute.

Kjære folk!
Det er fastelavnsundag i dag. Frå gammal tid var dette kvelden før byrjinga på fastetida. Det var om å gjere å få i seg nok næring og dagen vart og kalla fleskesundag. Fastelavnbollane er det einaste me har att av skikken med å ete ekstra godt før ein gjer seg klar til å faste.

Kjære folk!
Eg håpar det står bra til denne sundagsmorgonen!
Ein forskar fann i 2018 ut at dei som bur i Oslo sentrum trivst betre enn dei som bur 5 – 15 km unna bykjernen. Det viser seg at sentrumsbuarane er svært nøgde med det sosiale livet sitt. Dette gjeld også familiar med born. I betre form er dei og.
Eg er i Oslo denne helga og trivst godt med å vere det.

Kjære folk!
God sundagsmorgon!
Kor lenge er det til den tida då eg kan stå opp om morgonen og sjå at dagen har vakna før meg? Sjølv om eg likar vinteren, gler eg meg til å sjå morgonljoset ved sju-tida. Berre eitt par veker no, så er mars her.

Kjære folk!
God morgon , – den 46. dagen i året. For dei som treng noko å feire, kan eg fortelje at i dag ville Anne-Cath Vestly ha fylt 100 år. Eg kan høyre stemma hennar no medan eg skriv, – og i bokhylla har ho fått plass mellom Helene Uri og Bjørg Vik – eit trekløver til å bli glad av.

Kjære folk!
God sundagsmorgon!
Når eg vaknar i pensjonatsenga «mi» på Ål, kjenner eg meg heldig. Her er det triveleg, varmt og trygt og eg kan tusle inn på eit stort og innhaldsrikt felleskjøkken for å lage meg frukost. Fint er det her på Ål Pensjonat og. Sjå berre her:

Fortsett å lese «FRIDOM TIL Å YTRE SEG, HELLBILLIES, ORDENSMENNESKE OG ROTEKOPPAR»
Kjære folk!
God morgon! Eg er på Ål denne helga og eg ynskjer å starta med eitt par bilete frå tusleturen min i går. Då eg reiste oppover, trudde eg at eg skulle kome til å gå rundt her i fjellbygda og kjenne på at det verkeleg er vinter i Noreg. Der tok eg litt feil. Det var varmegrader her då eg kom og mykje av snøen smelta før eg kom meg ut på tur. Men det er fint likevel og meir vinter her enn i Holmestrand i alle fall.
