No har me ynskt det nye året hjarteleg velkomen. Eg reknar med at det ikkje berre er eg som synes at det kjennes godt å kunne gå vidare inn i eit nytt år med håp om ljosare tider. Kjære 2021, me har lengta etter deg.
Likevel gjekk me inn i det nye året med ein klump i magen. Folk i Gjerdrum har vore gjennom eit mareritt og medkjensla med dei som er ramma er stor.
Det hadde vore fint å kunne teikne kjenslene sine. Er det for eksempel mogeleg å teikne det å glede seg? Kan eit maleri få fram håpet? Kva slags farge har melankolien? Eg veit ikkje. Eg er ingen kunstnar, men eg kjenner att gleda, håpet og melankolien når ein av dei kjem på vitjing. Av og til, når eg ser noko fint, er det ofte noko som vekkjer gode kjensler i meg. Denne vesle tassen fotograferte eg på Ål stasjon i september fjor. Kan han vere eit bilete på ei kjensle?
For meg kan den vesle stemorsblomen vere lengten, – lengten etter vår og sumar. Adventstida er tid for lengt, og det kjennes i alle fall godt å lengte etter noko som er fint og som er like rundt hjørnet. Snart er det jul.
Det er Luciadagen i dag. For meg er det dagen då det tjuknar i halsen og augo blir blanke. Det er vel ikkje mykje som er vakrare enn ungar, som med stort alvor og ljos i hendene, går rundt og syng med den stemma dei har. Dritkoronaen gjer vel at det blir umogeleg å oppleve dette på nært hald i år. Me får håpe at dei har eit opptak på lager på ein av dei mange TV-kanalane.
Me kom til Ål onsdag ettermiddag. På turen oppover dalen sat eg berre og stirde ut på vinteren. Du all verda så mykje snøen har å seie for opplevinga av naturen. Her var det verkeleg vinter. Her var det kvit desember slik eg vil at det skal vere.
Me gjorde denne turen til Ål for å ha eit møte med han som har sagt ja til å leie renoveringsprosjektet vårt. Det eg skriv om i dag, handlar blant anna om slikt som kom til syne under dette møtet.
God morgon! Veit du at det er Nilsmesse i dag? På primstaven er 6. desember merka av med ei bispelue, ein bispestav eller ein N. Den heilage Nikolas var biskop i Myra i Lykia. Han døyde midt på 300-talet og vart helgen for dei sjøfarande. Legenda fortel også at han hjelpte fattigfolk med gåver. Dette er ein av grunnane til at St. Nikolas og julenissen kjem med gåver til borna.
I Noreg var det visst tradisjon for å reparere sko denne dagen. Det handlar framleis om sko i Tyskland. Mannen min kan fortelje at der set borna fram skoa sine om kvelden før dei legg seg 5. desember. Dersom dei har vore snille, ligg det gåver i skorne når dei står opp om morgonen den sjette.
Vanlegvis om sundagane skriv eg litt om både eit sitat og ein tanke. I dag vel eg å slå saman desse to når eg skriv om å velje.
Eg lurar på kor mange millimeter det har regna i Holmestrand i det siste. Det er som om det utan opphald har vore klissvått, grått, trist og tåkete dag ut og dag inn. Eg er takksam for at eg ikkje er laga slik at tungsinnet fylgjer lågtrykket. Uansett korleis me har det, gjer det godt å tenne lys både ute og inne.
God morgon! Det seiest at det er tre ting som kan gjere det umogeleg å få sove; å ha dårleg samvit, å måtte tisse og å vere kald på føtene. Det var ikkje noko av dette som plaga meg i natt, men eg sov ikkje mykje likevel. No veit eg at det også kan vere vanskeleg å sove når ein har veldig mykje fint å tenkje på.
Dette har verkeleg vore ei innhaldsrik veke. Tysdag kom takstmannen, som heldigvis ikkje fann noko gale ved den noverande heimen vår, onsdag var det stylisten sin tur, torsdag vart det gjort ei mislykka forsøk på å leggje inn fibernett i Holmestrand-heimen før me sette oss i bilen og drog til Ål der me hadde møte med ein entreprenør i Ål-huset fredagsmorgonen. Eg skal fortelje meir om noko av dette utover i helga. Ein ting er sikkert; me har det ganske interessant for tida.
No for tida vaknar eg om morgonen med hovudet fullt av to hus, – eit i Holmestrand som skal seljast og eit på Ål som skal renoverast. Eg opplever det som vanskelegare enn elles å få til å konsentrere meg om bloggen min. Det gjeld å finne tema som er morosame nok å skrive om. I dag gjekk det greitt, – så får me sjå korleis det går framover.