God morgon til alle!
Ein skulle tru at det var her og akkurat no i dag Kolbein Falkeid var då han skreiv «Det er morgen igjen, vesle håp og verden frotterer seg med nyvasket solskinn.».
God laurdag, – den einaste dagen i veka som ikkje er oppkalla etter ein gud eller ein himmellekam. Denne dagen har fått namn etter kva folk brukte å halde på med på denne dagen, nemleg å lauge seg.
Men nok om det.
Eit nyhende som har fanga merksemda mi Onsdag kom den fyrste partimålinga i det nye året. Noregs eldste parti, Venstre, fekk ein begredeleg oppslutning på 2,3%. Sidan Venstre tvilte seg inn i regjeringa for to år sidan, har oppslutninga sakte, men sikkert dala. Dette fekk meg til å tenkje på iskanten. Grunnen til det er at partiet Venstre står ovanfor tøffe tak internt i eiga regjering denne våren.
Det er så vidt at det har byrja å ljosne der ute. Eg kjenner at eg er litt spent. Det er laurdag morgon og eg skal skrive den fyrste, nye laurdagsbloggen min. Kjem eg til å klare å få det til slik eg har sett for meg at dette skal bli? Planen min er at eg kvar laurdag skal skrive om eit aktuelt nyhende, eit ord eg kan snu og vende litt på og til slutt eit dikt om ei kjensle.
22. oktober tok eg pause frå bloggen min. Då eg sette meg ned den kvelden, slik eg ofte gjer det, med pennen i handa og notatboka på fanget, var det dette som kom ut:
Er kjærleiken det aller viktigaste? No tenkjer eg ikkje berre på den romantiske og seksuelle kjærleiken, men også på kjærleiken til familiemedlemmer og til vener. Det handlar jo om så mykje meir enn dei aller heftigaste kjenslene, dette vesle livet.
Heilt frå mi tid som tillitsvald på 1980 – 90-talet, har «effektivitet» skapt ganske negative kjensler hos meg. Det er vanskeleg å rope hurra for effektivitet i yrker der menneskelege relasjonar, gode samtaler og omsorg for dei svakaste er viktige delar av yrkesutøvinga. På den andre sida og samstundes ser eg på meg sjølv som ei effektiv dame som slett ikkje likar å vere ineffektiv. Når eg gjer husarbeid for eksempel, vil eg gjerne ha ting unna så effektivt som mogeleg utan at det går ut over kvaliteten.
Eg trur det ville ha vore bra for oss om me snakka meir med kvarandre om tru og brukte mindre tid på å diskutere religion.
Eg har hatt mange gode og lange samtaler om å tru og om ikkje å tru, om å tvile og om å lure på det meste. Gjennom slike stunder har eg og samtalepartnaren min kome nærare kvarandre og funne ut at dei aller mest interessante samtalane har me når me trur og/eller ikkje trur det same.
«Det kan du vere trygg på», seier me.
Å vere trygg vert definert som å ha den kjensla av tillit som kjem når me kjenner at det ikkje er noko som trugar. Men tillit, – kva er det då? Tillit er den kjensla som kjem når ein merkar at andre er gode og ærlege menneske som også er til å stole på.
Dette er vel eit greitt utgangspunkt, er det ikkje?