No har me ynskt det nye året hjarteleg velkomen. Eg reknar med at det ikkje berre er eg som synes at det kjennes godt å kunne gå vidare inn i eit nytt år med håp om ljosare tider. Kjære 2021, me har lengta etter deg.
Likevel gjekk me inn i det nye året med ein klump i magen. Folk i Gjerdrum har vore gjennom eit mareritt og medkjensla med dei som er ramma er stor.
Eg har fortalt om det før. Då eg var lita, sa bestemor mi til meg: «Du må ta vare på fyrstegongsopplevingane, vetlo mi, for det blir færre og færre av dei etter som tida går.» Eg forstod nok ikkje heilt meininga med det då, men eg har tenkt mykje på det sidan. Eg har samla på fyrstegongsopplevingar og funne ut at dei er ganske mange, dersom eg tek meg tid og er merksam når dei kjem. No er eg for eksempel eigar av ein bekk. Det har eg aldri vore før. Den gleda skal eg kjenne skikkeleg på når våren kjem.
Det hadde vore fint å kunne teikne kjenslene sine. Er det for eksempel mogeleg å teikne det å glede seg? Kan eit maleri få fram håpet? Kva slags farge har melankolien? Eg veit ikkje. Eg er ingen kunstnar, men eg kjenner att gleda, håpet og melankolien når ein av dei kjem på vitjing. Av og til, når eg ser noko fint, er det ofte noko som vekkjer gode kjensler i meg. Denne vesle tassen fotograferte eg på Ål stasjon i september fjor. Kan han vere eit bilete på ei kjensle?
For meg kan den vesle stemorsblomen vere lengten, – lengten etter vår og sumar. Adventstida er tid for lengt, og det kjennes i alle fall godt å lengte etter noko som er fint og som er like rundt hjørnet. Snart er det jul.
Me kom til Ål onsdag ettermiddag. På turen oppover dalen sat eg berre og stirde ut på vinteren. Du all verda så mykje snøen har å seie for opplevinga av naturen. Her var det verkeleg vinter. Her var det kvit desember slik eg vil at det skal vere.
Me gjorde denne turen til Ål for å ha eit møte med han som har sagt ja til å leie renoveringsprosjektet vårt. Det eg skriv om i dag, handlar blant anna om slikt som kom til syne under dette møtet.
Eg lurar på kor mange millimeter det har regna i Holmestrand i det siste. Det er som om det utan opphald har vore klissvått, grått, trist og tåkete dag ut og dag inn. Eg er takksam for at eg ikkje er laga slik at tungsinnet fylgjer lågtrykket. Uansett korleis me har det, gjer det godt å tenne lys både ute og inne.
Dette har verkeleg vore ei innhaldsrik veke. Tysdag kom takstmannen, som heldigvis ikkje fann noko gale ved den noverande heimen vår, onsdag var det stylisten sin tur, torsdag vart det gjort ei mislykka forsøk på å leggje inn fibernett i Holmestrand-heimen før me sette oss i bilen og drog til Ål der me hadde møte med ein entreprenør i Ål-huset fredagsmorgonen. Eg skal fortelje meir om noko av dette utover i helga. Ein ting er sikkert; me har det ganske interessant for tida.
Det er fint å kunne vakne om morgonen og tru fullt og fast på at denne dagen kjem til å bli god. Alle dagar er ikkje slik, men i dag trur eg på dei små gledene og at summen av dei, er det som er det viktige.
Det var fint måneljos då me køyrde heim fra Ål i går kveld.
Eit nyhende som har fanga merksemda mi Det nyhendet eg skriv om i dag, har det ikkje stått om i avisa, men det kjem nok i Hallingdølen etter kvart under «eigedom».
Eg har tenkt på det at bloggen min ofte inneheld alvorlege saker som eg kanskje problematiserar meir enn det som er naudsynt. Difor fekk eg behov for å skrive at det er sant at eg tenkjer og funderer på mykje rart, men eg er altså stort sett blid og i godt humør og er takksam for at eg har fått utdelt eit lyst sinn. Dersom det var nokon som lurte på korleis det stod til.
Eg har trua på at denne dagen kjem til å bli aldeles strålande.