POLITIKK OG SAMVIT, DEN FANTASTISKE KROPPEN OG EIT MINNE OM EI KJENSLE

Kjære folk!

God laurdagsmorgon!
Eg kjenner her eg sit ved morgongry at eg er kjempeheldig som får lov til å starte på ny. Så banalt, men likevel så sant.

IMG_5468
Frå kveldsturen i går.

No er eg på Ål, har sove 466 meter over havet og får oppleve våren ein gong til på same året.

IMG_5460
Frukostutsikt

Fortsett å lese «POLITIKK OG SAMVIT, DEN FANTASTISKE KROPPEN OG EIT MINNE OM EI KJENSLE»

KAFFI, POLITIKK, DRAUMEDAME OG GLASSKÅR

Kjære folk!

I dag vil eg starte med å dele tre sitat, – alle om morgon og kaffi.

Fyrs eit frå Ole Paus:
«En frokost på kjøkkenet
og kaffen koker.
Du har søvn i øyet
og håret i floker.
God morgen!
»

IMG_5225
Dette er måla av Anine, 12 år, med vassfargar og ei tube grå akrylmåling. 

 

Fortsett å lese «KAFFI, POLITIKK, DRAUMEDAME OG GLASSKÅR»

BÅDE 16. OG 17. MAI ER KJOLEDAGAR

Kjære folk!

No er det kjoledagar.
Både 16. mai og 17. mai er datoar som eg kan kjenne at det boblar litt i magen. Den eine datoen er min. Den andre eig me saman. Alle! Heile livet mitt har desse to datoane hatt ein ting felles: Eg har pynta meg og hatt på meg anten kjole eller bunad.

IMG_5118
Her er eg seks eller sju år og klar for 17 mai-feiring på Ål.

Fortsett å lese «BÅDE 16. OG 17. MAI ER KJOLEDAGAR»

MÅ BERRE FÅ SAGT DET, BEUNDRING OG UENDELEG LITA

Kjære folk!

God laurdagsmorgon!
I dag tidleg vakna eg av at trekken frå det opne vindauget strauk meg oppover leggane. Golvet var kaldt mot berrføtene då eg stod opp, men eg hadde valsetakt i meg og visste at eg hadde dansa i draume. Eg kjenner det framleis og har tenkt å bevare gleda og rytmen frå draumen langt inn i den vakre formiddagen.

IMG_5185
… og for ein vakker morgon det er!

Fortsett å lese «MÅ BERRE FÅ SAGT DET, BEUNDRING OG UENDELEG LITA»

KAMPDAG ELLER FRIDAG?, TILFELDIG ELLER SKJEBNE? OG LITT OM VINDEN

Kjære folk!

Sola er ei vårmorgonsol, eg har vårmorgonhjarte og verda mi smiler vårmorgonsmilet sitt. Kvar einaste vår skjer akkurat det same og det er like underleg og like spanande, – kvar vår.

IMG_5095

Fortsett å lese «KAMPDAG ELLER FRIDAG?, TILFELDIG ELLER SKJEBNE? OG LITT OM VINDEN»

POLITIKK FOR ETTERPÅ, MOR OG «KJENNER EG DEG?»

Kjære folk!

På mange måtar har dette vore ei strålande vårveke, men kvardagen er likevel ikkje akkurat så lett å setje ord på. Nesten ingenting er slik det pleier å vere. Mildt sagt annleis. Såpass annleis at det er tema som rett og slett kjennest som upassande å skrive om. I vekevis har det forståeleg nok nesten ikkje vore anna å lese i avisene enn om koronaviruset.

IMG_5015

No vitnar det forhåpentlegvis om litt ljosare koronatider når me kan lese og høyre nyheiter om både etterretningstenestelov og tillit eller ikkje til ny oljefondsjef. Alt dette medan sola skin og våren bokstaveleg tala kjem sprettande.

IMG_5053
Det er vår rundt huset.

 

Fortsett å lese «POLITIKK FOR ETTERPÅ, MOR OG «KJENNER EG DEG?»»

TRU, «STILLHETEN ETTERPÅ» OG VILJESTYRKE

Kjære folk!

Det er aldri for seint å få ein god start på dagen, seiest det. Eg har allereie starta bra, kjenner eg og håpar det tyder at resten av dagen vil bli ein god ein.

IMG_4978

Fortsett å lese «TRU, «STILLHETEN ETTERPÅ» OG VILJESTYRKE»

Å OPNE OPP ATT, KRAFT OG RYGGSEKKEN MIN

Kjære folk!

Eg håpar morgonen kjennes bra.

Det er tre fysiske ting eg helst ikkje vil gje slepp på. Det er godt grovbrød, mjukt do-papir og papiraviser. (Tenk at me kallar det pairaviser. Det er ikkje SÅ mange åra sidan at å setje papir framfor avis var heilt unødvendig. Kva skulle avisa elles vere laga av liksom?)
I dag er det laurdag, pairavisdag, og derfor litt ekstra hyggeleg.

IMG_4970
Godt brød og aviser er med å gjere laurdagsmorgonen god.

Fortsett å lese «Å OPNE OPP ATT, KRAFT OG RYGGSEKKEN MIN»

NOBELPRIS, STOLTHEIT OG NÅR DET LEIKAR I KROKANE

Kjære folk!

«Nokre gonger snør det i april.
Nokre gonger gjør det vondt i april.
Nokre gonger blør det i april.
Nokre gonger er det perfekt i april

Frode Grytten

IMG_4905
Hestehov. Leirfivel. Tussilago farfara.

Fortsett å lese «NOBELPRIS, STOLTHEIT OG NÅR DET LEIKAR I KROKANE»