Eg er heldig. Eg vaknar om morgonen og veit at det ikkje er ein einaste ting som eg må. Eg står opp berre fordi eg har lyst til det. Når eg har skrive ferdig, kan eg gå ned på kjøkkenet der det ventar kaffi, egg, müsli-brød og ein liten haug med aviser. Er det mogeleg å vere heldigare ein heilt vanleg koronalaurdagmorgon?
Eg er både litt forundra og ganske glad for at dei som les bloggen min viser så stor interesse for den prosessen me er midt oppi. Det gjer at eg har noko å skrive om. I dag vil eg difor vise fram litt meir av korleis det no ser ut i det som etter kvart skal bli heimen vår.
Det hender at eg tenkjer på litt anna enn hus og. Her er to små eksempel: – I Holmestrand har vinteren regna vekk, og eg vil jo helst ha skikkeleg vinter når det er vinter, men det hender at det er vakkert her likevel.
Slik var det då eg vakna i går.
– Sist helg fekk eit oppslag i Dagbladet pulsen min til å stige såpass høgt at eg måtte skrive litt om det. Men fyrst hus.
Når eg meiner noko positivt om folk, vil eg gjerne formidle det vidare. Sann skryt skal ein ikkje halde for seg sjølv. Sist laurdag fekk eigedomsmeklaren sitt. I dag er det ein annan sin tur. Men fyrst ei lita forteljing om ei presidentinnsetjing.
God sundagsmorgon! Til jul var eg heldig å få Hans Børli «Samlede dikt» av ei god venninne. I dikta hans er det mykje å finne både til glede og til ettertanke. Eg opnar bloggen min i dag med eit Hans Børli-dikt som eg synes høver til desse dagane med så skiftande kjensler.
Dagene Dagene kommer, kommer – De ser på meg, ventende, fylt av lys som håper. Så dimmes de i kvelden, bortvendt, sårt – Lik barneøyne som strålte av en forventning som brast
No har me ynskt det nye året hjarteleg velkomen. Eg reknar med at det ikkje berre er eg som synes at det kjennes godt å kunne gå vidare inn i eit nytt år med håp om ljosare tider. Kjære 2021, me har lengta etter deg.
Likevel gjekk me inn i det nye året med ein klump i magen. Folk i Gjerdrum har vore gjennom eit mareritt og medkjensla med dei som er ramma er stor.
Me kom til Ål onsdag ettermiddag. På turen oppover dalen sat eg berre og stirde ut på vinteren. Du all verda så mykje snøen har å seie for opplevinga av naturen. Her var det verkeleg vinter. Her var det kvit desember slik eg vil at det skal vere.
Me gjorde denne turen til Ål for å ha eit møte med han som har sagt ja til å leie renoveringsprosjektet vårt. Det eg skriv om i dag, handlar blant anna om slikt som kom til syne under dette møtet.
Eg lurar på kor mange millimeter det har regna i Holmestrand i det siste. Det er som om det utan opphald har vore klissvått, grått, trist og tåkete dag ut og dag inn. Eg er takksam for at eg ikkje er laga slik at tungsinnet fylgjer lågtrykket. Uansett korleis me har det, gjer det godt å tenne lys både ute og inne.
God morgon! Det seiest at det er tre ting som kan gjere det umogeleg å få sove; å ha dårleg samvit, å måtte tisse og å vere kald på føtene. Det var ikkje noko av dette som plaga meg i natt, men eg sov ikkje mykje likevel. No veit eg at det også kan vere vanskeleg å sove når ein har veldig mykje fint å tenkje på.
Dette har verkeleg vore ei innhaldsrik veke. Tysdag kom takstmannen, som heldigvis ikkje fann noko gale ved den noverande heimen vår, onsdag var det stylisten sin tur, torsdag vart det gjort ei mislykka forsøk på å leggje inn fibernett i Holmestrand-heimen før me sette oss i bilen og drog til Ål der me hadde møte med ein entreprenør i Ål-huset fredagsmorgonen. Eg skal fortelje meir om noko av dette utover i helga. Ein ting er sikkert; me har det ganske interessant for tida.