Eg er heldig. Eg vaknar om morgonen og veit at det ikkje er ein einaste ting som eg må. Eg står opp berre fordi eg har lyst til det. Når eg har skrive ferdig, kan eg gå ned på kjøkkenet der det ventar kaffi, egg, müsli-brød og ein liten haug med aviser. Er det mogeleg å vere heldigare ein heilt vanleg koronalaurdagmorgon?
Når eg meiner noko positivt om folk, vil eg gjerne formidle det vidare. Sann skryt skal ein ikkje halde for seg sjølv. Sist laurdag fekk eigedomsmeklaren sitt. I dag er det ein annan sin tur. Men fyrst ei lita forteljing om ei presidentinnsetjing.
Eg har fortalt om det før. Då eg var lita, sa bestemor mi til meg: «Du må ta vare på fyrstegongsopplevingane, vetlo mi, for det blir færre og færre av dei etter som tida går.» Eg forstod nok ikkje heilt meininga med det då, men eg har tenkt mykje på det sidan. Eg har samla på fyrstegongsopplevingar og funne ut at dei er ganske mange, dersom eg tek meg tid og er merksam når dei kjem. No er eg for eksempel eigar av ein bekk. Det har eg aldri vore før. Den gleda skal eg kjenne skikkeleg på når våren kjem.
Eg har lurt på kva som er spesielt med dei folka som gjer meg så godt. Har dei noko til felles? Eg trur eg har funne ut kva det er. Dei smiler med augo og dei er snille. Kanskje meininga med det heile er å vere snill og glad?
Eg har høyrt at Knut T. Storbukås, betre kjent som Sputnik, skal ha sagt «I hele min tid har jeg aldri lest en bok». Heilt ærleg tala, så er det no lenge sidan eg har lest ferdig ein roman. Det er så mykje anna å lese og så mykje anna å tenkje på og gjere, at eg finn inga ro. Eg håpar det betrar seg etter kvart. Enn så lenge er det trøyst å finne i desse orda til Toralv Maurstad: «Man blir ikke nødvendigvis dypsindig av å bo i en lenestol og lese bøker.»
Då tek eg fatt på denne laurdagsbloggen, som blant anna har eit lite avsnitt om ei bok.
I dag er det allehelgenskvelden og/eller halloween. Markeringa av denne kvelden er opprinneleg ei heidensk feiring, som seinare vart gjort til ein kristen skikk, men som i vår tid har utvikla seg til ei ikkje-religiøs høgtid.
Sidan årtusenskiftet har det blitt stadig vanlegare å feire halloween i Noreg. I fylgje undersøkingar som Virke har gjort, brukar me mellom 200 – 300 millionar kroner på godteri, kostymer og pynt i samband med halloween-helga i Noreg!!! I år blir det nok annleis, og eg reknar ikkje med å få utkledde ungar på døra i kveld.
I dag vil eg byrje med å minne om at det er FN-dagen for avskaffelse av fattigdom i dag. Å utrydde fattigdom er nedfelt i FN sitt bærekraftmål nr 1. I 1990 levde 35 prosent av befolkninga i verda i ekstrem fattigdom. I 2013 var andelen redusert til 10,7 prosent. Det er likevel ein lang veg å gå før fattigdomen er utrydda.
For meg har 17. oktober vore ein glad dag dei siste 17 åra. Det er noko av det eg vil skrive om i dag.
Eg elskar årstider! No er det tida for horisontalt regn, lauv som fyk gjennom lufta, høg himmel eller lågthengjande tåke. Eg går ut og nyt det. Inne er det tida for varm kakao, fyr på peisen og tende ljos. Eg nyt det og.
Og brått dukkar det opp ein dag med opphald og litt sol. Då kan eg gå ut og plukke haustens siste bukett.
Eg er sikkert ikkje aleine om å av og til trenge både pusterom og albogerom. Det er godt å kunne finne seg slike stader og stunder utan å måtte forklare kvifor. Når eg går for meg sjølv for å skrive, kjenner eg meg heldig.