Å FINNE RØTENE

Kjære folk!

Det er ikkje så dumt å kjenne og å kjenne på røtene sine.

Det er ein trend i Noreg å leite etter eigne røter. Slektsgransking har blitt stort, og mange nyttar alle tilgjengelege fristunder til å finne opplysningar for å fylle ut eige anekart. Er dei heldige, finn dei og opplysningar om kva som skjedde med forfedrane og -mødrene gjennom livet. Eg har ikkje tålmod til slikt. Med det seier eg ikkje at røter ikkje er viktig for meg. Eg veit mykje om dei to ledda før meg. Det får halde, – i alle fall førebels.

Besteforeldra mine kom alle frå små kår. Dei bokstaveleg tala klatra seg framover i livet, ein frå ein husmannsplass i Gudbrandsdalen og ei frå ei veglaus bygd inst i Sognefjorden. Eg er stolt av småkårsgena mine.

Fortsett å lese «Å FINNE RØTENE»

Å TENKJE PÅ ORD

Kjære folk!

I dag tenkjer eg på ord: blant anna på gamle ord, lange ord og på skjellsord. Språkrådet meiner at det i alle fall finnes 300 000 ord i det norske språket, så her er det nok å både tenkje med og på. Slik til kvardags kjem me visst langt dersom me tek i bruk eit par tusen av desse.

Her kan du sjå det eg vakna opp til denne morgonen, og dei orda eg tenkjer med denne dagen er desse: overskya, Sundre, torg, Veståsen, tingstugu, folkemusikkveke, glede og venninnetreff.

IMG_3051
Om ikkje lenge skal eg ut hit. Eg lurar på kor mange ord eg kjem til å bruke i dag. Ganske mange, trur eg.

Fortsett å lese «Å TENKJE PÅ ORD»

NÅR HUSET STÅR TOMT

Kjære folk!

Det er slik at når dei som bur i eit hus er døde, så skal etterkomarane tøme huset for alt det desse menneska eigde.

Då eg skulle rydde i huset til mor og far min, gjekk eg rundt og studerte fotografia, las eitt og anna brev, vatna plantene, lukta på parfymen, tømte askebegeret og smakte på syltetøyet. Alt var slik det hadde vore, men likevel var alt heilt annleis.

Fortsett å lese «NÅR HUSET STÅR TOMT»

DÅ MISTAR ME KONTROLLEN

Kjære folk!

Eg har alltid hatt kontroll.
Eg har fiksa dette livet. Uansett kva det har hatt å by på, så har eg reist meg opp att og kome meg vidare. Men ein gong vert det min tur til å sleppe taket.

Ingen veit. Det kan hende eg skal leve i meir enn 30 år til. Eg er ikkje redd, men eg likar det ikkje. Eg tenkjer lite på det, men av og til kjem dei spørsmåla ingen har alle svara på.

IMG_2968
Kyrkjegarden på Ål. Biletet er tatt berre for eitt par dagar sidan.

Fortsett å lese «DÅ MISTAR ME KONTROLLEN»

Å MISTE

Kjære folk!

Det er vondt!
Det heiter sorg.
Sorga kan vere så stor at all tidlegare smerte vert for småting å rekne.

Då far min døyde, måtte eg passe på mor mi. Det var ikkje plass for sorga mi.
Då mor mi døyde, trengde sorga etter dei begge inn i alle cellene i kroppen. Verda stoppa opp. Bereveggane i livet mitt var borte. Slik var det sjølv om eg nærma meg 50 år. Dei som hadde gjort meg til den eg var, fantes ikkje meir. Aldri meir skulle nokon vere så mjuk inne i hjartet sitt for meg.

Fortsett å lese «Å MISTE»

OM Å JAGE TANKAR

Kjære folk!

Så var det tysdag, og tysdag er bloggedag.

No har eg skrive ned tankane mine om einsemd, fattigdom og psykisk sjukdom. Har de tenkt på at av og til og for nokre menneske, kan alt dette ramme samstundes? Dette er slett ikkje lystelege tankar, og når det gjeld tankar, så må me vel ta imot dei som kjem – dersom me ikkje klarar å jage dei bort då. Her er eit dikt om å prøve på det.

Fortsett å lese «OM Å JAGE TANKAR»

Å VÆRE PSYKISK SYK

Kjære folk!

Folkehelseinstituttet skriver i en artikkel fra 2015 at «andelen av befolkningen som får en eller annen psykisk lidelse i løpet av livet, varierer fra 25 til 52 prosent.» Det betyr at dette angår mange mennesker, men at det likevel kan være vanskelig å snakke om.

IMG_2263

Hvis vi i tillegg til å se på prosenttall, ser på de viktigste risikofaktorene for å utvikle psykiske lidelser, så finner vi ting på den lista (fra hviteorm.no) som de aller fleste av oss har blitt eller kommer til å bli utsatt for:

Fortsett å lese «Å VÆRE PSYKISK SYK»

EINSEMD

Kjære folk!

Fyrst to situasjonsbeskrivingar:

Ho skulle berre ned i kjellaren ein liten tur for å tømme papiravfallet sitt i konteinaren for resirkulering. Det var fredag og klokka var halv fire. Ho skunda seg. Arbeidsveka var over, og dette var det siste ho skulle gjere før ho gjekk heim for helga. Då smalt døra i bak henne. Nykkelen og mobilen låg att i veska utanfor. Tanken som då kom krypande, var alt anna enn god å tenkje ferdig. Ingen visste at ho hadde gått ned hit. Ho hadde ingen avtalar med nokon før måndag morgon. Ingen kom til å sakne, og ingen kom til å leite.

Fortsett å lese «EINSEMD»