TIL Å RISTE PÅ HOVUDET AV, HENDER OG FARGEBYTE

Kjære folk!

Eg har høyrt at Knut T. Storbukås, betre kjent som Sputnik, skal ha sagt «I hele min tid har jeg aldri lest en bok». Heilt ærleg tala, så er det no lenge sidan eg har lest ferdig ein roman. Det er så mykje anna å lese og så mykje anna å tenkje på og gjere, at eg finn inga ro. Eg håpar det betrar seg etter kvart. Enn så lenge er det trøyst å finne i desse orda til Toralv Maurstad: «Man blir ikke nødvendigvis dypsindig av å bo i en lenestol og lese bøker.»

Då tek eg fatt på denne laurdagsbloggen, som blant anna har eit lite avsnitt om ei bok.

Fortsett å lese «TIL Å RISTE PÅ HOVUDET AV, HENDER OG FARGEBYTE»

SPENNINGA STIG, NYSGJERRIGPER, TREET OG DEN GAMLE DAMA

Kjære folk!

I dag er det allehelgenskvelden og/eller halloween. 
Markeringa av denne kvelden er opprinneleg ei heidensk feiring, som seinare vart gjort til ein kristen skikk, men som i vår tid har utvikla seg til ei ikkje-religiøs høgtid.

Sidan årtusenskiftet har det blitt stadig vanlegare å feire halloween i Noreg. I fylgje undersøkingar som Virke har gjort, brukar me mellom 200 – 300 millionar kroner på godteri, kostymer og pynt i samband med halloween-helga i Noreg!!! I år blir det nok annleis, og eg reknar ikkje med å få utkledde ungar på døra i kveld.

Nok om det. Eg har heilt andre ting på hjartet.

Fortsett å lese «SPENNINGA STIG, NYSGJERRIGPER, TREET OG DEN GAMLE DAMA»

REGJERINGSKONTOR FOR MILLIARDAR, OVERGANG OG ALLE DESSE KJENSLENE

Kjære folk!

I dag er det FN-dagen. Dagen vart innstifta for å informere om målsettingane og resultata til FN. Visste du at i 1971 vart det foreslått at 24. oktober skulle vere offisiell høgtidsdag i alle medlemsland? I Danmark, Finland og Sverige er denne dagen flaggdag. Det blir flagga anten med FN-flagget eller med landet sitt eige flagg. 

Fn-flagget

I Noreg har det ikkje vore fleirtal for å gjere FN-dagen til offisiell flaggdag.
Men nok om det. I dag har eg litt av kvart anna på hjartet.

Fortsett å lese «REGJERINGSKONTOR FOR MILLIARDAR, OVERGANG OG ALLE DESSE KJENSLENE»

KULTURLIVET PÅ KULTURHUSET, BARNEBARN OG DEN VESLE GLEDA

Kjære folk!

I dag vil eg byrje med å minne om at det er FN-dagen for avskaffelse av fattigdom i dag. Å utrydde fattigdom er nedfelt i FN sitt bærekraftmål nr 1.
I 1990 levde 35 prosent av befolkninga i verda i ekstrem fattigdom. I 2013 var andelen redusert til 10,7 prosent. Det er likevel ein lang veg å gå før fattigdomen er utrydda. 


For meg har 17. oktober vore ein glad dag dei siste 17 åra. Det er noko av det eg vil skrive om i dag.

Fortsett å lese «KULTURLIVET PÅ KULTURHUSET, BARNEBARN OG DEN VESLE GLEDA»

KLØFTA BLIR STADIG BREIARE, PORTRETT OG KVAR DAG

Kjære folk!

Eg er sikkert ikkje aleine om å av og til trenge både pusterom og albogerom. Det er godt å kunne finne seg slike stader og stunder utan å måtte forklare kvifor. Når eg går for meg sjølv for å skrive, kjenner eg meg heldig. 

Fortsett å lese «KLØFTA BLIR STADIG BREIARE, PORTRETT OG KVAR DAG»

PRESIDENTVAL OG KVAR VIL DU BU

Kjære folk!

Eg gjer det av og til; går bort til ei bokhylle, dreg ut ei bok, opnar ho på ei tilfeldig side og set fingeren ned på sida. I dag kunne eg lese dette i Fredrik Skagen sin tekst om Vincent van Gogh «Stjernenatt»:
«Hun ristet på hodet og trakk morgenkåpen tettere rundt seg. – Jeg vil heller skrive litt om noe som nettopp falt meg inn.»

Vincent van Gogh: «Stjernenatt»

Eg skal gjere som ho i sitatet før eg går ned til nytrakta frukost og ferdigdekka bord.

God morgon! Skrive fyrst og frukost etterpå.
Fortsett å lese «PRESIDENTVAL OG KVAR VIL DU BU»

SÅ RART, SKIFTE AV NAMN OG VER SNILL

Kjære folk!

God sundagsmorgon til deg som les!
I dag har eg visst det eg kan kalle ein lure-på-dag, – og lure på, det gjer eg ofte. 
Denne sundagen undrar eg meg over både små raritetar og over kvifor kvinner framleis vel å byte bort etternamnet sitt. 

Denne veka har det regna mykje. I staden for stadig å lure på kor mykje det har regna, har me skaffa oss ein nedbørsmålar. Kjekt å ha for den som lurar. 

Fortsett å lese «SÅ RART, SKIFTE AV NAMN OG VER SNILL»

STREIKERETTEN, MANN/KVINNE OG EI TRIST KJENSLE

Kjære folk!

God sundagsmorgon!
Her i Holmestrand har haustveret hatt fest i natt. Regnmålaren er full, og vinden har sendt litt av kvart inn i hagen. Eg kunne ikkje dy meg, – eg måtte teikne på vindauget i vinterhagen før eg gjekk for å skrive.
 

Fortsett å lese «STREIKERETTEN, MANN/KVINNE OG EI TRIST KJENSLE»

TIL GEITOSTENS PRIS, Å BLI SETT OG FRU HAUST

Kjære folk!

God sundagsmorgon!

Denne sundagen skal eg unne meg sjølv å berre vere glad, – og kanskje kan gleda mi smitte over på fleire.

Så blid, glad og takksam for den vakre hausten.
Fortsett å lese «TIL GEITOSTENS PRIS, Å BLI SETT OG FRU HAUST»

NOKO POSITIVT, VENTE PÅ VINTER OG ELVELANGS

Kjære folk!

God laurdag!
Denne helga vil bloggen min, både i dag og i morgon, bere sterkt preg av at eg har vore på Ål dei siste dagane. Eg er her framleis og nyt vakre septemberdagar i strålande haustrvér.

Deler av Sundre i Ål, fotografert fra Veståsen
Fortsett å lese «NOKO POSITIVT, VENTE PÅ VINTER OG ELVELANGS»