HUSKJØP, MUSIKKSMAK OG EIN LITEN LENGT

Kjære folk!

Det er fint å kunne vakne om morgonen og tru fullt og fast på at denne dagen kjem til å bli god. Alle dagar er ikkje slik, men i dag trur eg på dei små gledene og at summen av dei, er det som er det viktige.

Det var fint måneljos då me køyrde heim fra Ål i går kveld.

Eit nyhende som har fanga merksemda mi
Det nyhendet eg skriv om i dag, har det ikkje stått om i avisa, men det kjem nok i Hallingdølen etter kvart under «eigedom». 

Fortsett å lese «HUSKJØP, MUSIKKSMAK OG EIN LITEN LENGT»

Å MÅLE SEG MED ANDRE OG RELIGIØSE TRENDAR

Kjære folk!

Eg håpar du som les har ein god sundag. 

Dagens tema er kanskje i overkant både alvorsame og filosofiske, men for meg er det slik at det innimellom er fint å bli dytta inn i litt uvante tankerekkjer. 

Fortsett å lese «Å MÅLE SEG MED ANDRE OG RELIGIØSE TRENDAR»

JUBILANTAR OG NEKROLOGAR, MAMMAREGLAR OG LITT HIPPIE

Kjære folk!

Eg har tenkt på det at bloggen min ofte inneheld alvorlege saker som eg kanskje problematiserar meir enn det som er naudsynt. Difor fekk eg behov for å skrive at det er sant at eg tenkjer og funderer på mykje rart, men eg er altså stort sett blid og i godt humør og er takksam for at eg har fått utdelt eit lyst sinn. Dersom det var nokon som lurte på korleis det stod til.

Eg har trua på at denne dagen kjem til å bli aldeles strålande.

Fortsett å lese «JUBILANTAR OG NEKROLOGAR, MAMMAREGLAR OG LITT HIPPIE»

PERSONLEGDOM OG GAMLINGAR, TILPASNINGSDYKTIG

Kjære folk!

God morgon og velkomen til november.
For akkurat femti år sidan vart det halde folketeljing i Noreg. Då var det 3 874 133 av oss. (1. januar i år var folketalet 5 367 580) 

1. november 1985 kom Noregs fyrste pengeseddel med nynorsk tekst. Det var ein 50-lapp. 

Eg må innrømme at eg aldri har studert teksten på pengesedlane, – ikkje har eg sedlar å titte etter på heller. Eg lurar forresten på kor lenge det kjem til å finnes folk som går rundt med pengar i lommeboka si. 

Fortsett å lese «PERSONLEGDOM OG GAMLINGAR, TILPASNINGSDYKTIG»

EINSEMD, PÅ PLATTFORMA OG AKKURAT PASSELEG

Kjære folk!

Det hender at eg, når eg skal skrive eit blogginnlegg, kjenner meg som ei skulejente som skal høyrast i leksa. Då trøystar eg meg med at dette er berre eit blogginnlegg og at eg skriv berre fordi eg sjølv har lyst.

Slik ser det ut på skjermen før jeg byrjar å skrive.

I dag vågar eg meg frampå om både einsemd og forseintkomarar.

Fortsett å lese «EINSEMD, PÅ PLATTFORMA OG AKKURAT PASSELEG»

REGJERINGSKONTOR FOR MILLIARDAR, OVERGANG OG ALLE DESSE KJENSLENE

Kjære folk!

I dag er det FN-dagen. Dagen vart innstifta for å informere om målsettingane og resultata til FN. Visste du at i 1971 vart det foreslått at 24. oktober skulle vere offisiell høgtidsdag i alle medlemsland? I Danmark, Finland og Sverige er denne dagen flaggdag. Det blir flagga anten med FN-flagget eller med landet sitt eige flagg. 

Fn-flagget

I Noreg har det ikkje vore fleirtal for å gjere FN-dagen til offisiell flaggdag.
Men nok om det. I dag har eg litt av kvart anna på hjartet.

Fortsett å lese «REGJERINGSKONTOR FOR MILLIARDAR, OVERGANG OG ALLE DESSE KJENSLENE»

Å GÅ OG VÅR FELLES PLATTFORM

Kjære folk!

Dersom det hadde vore forventa av meg at eg skulle tenkje nye tankar, då hadde eg ikkje tort å skrive ned ein einaste ein av dei. Det er jo ikkje mange forunt å vere nytenkjande. Gamle tankar derimot, det har me alle, og eg likar å skrive ned mine. 

Opp denne bakken har eg tenkt for det meste glade tankar fra eg var seks år gamal.
Fortsett å lese «Å GÅ OG VÅR FELLES PLATTFORM»

NORSK POLITIKK ALTSÅ, – OG Å HALDE HEMMELEG

Kjære folk!

Eg elskar årstider! No er det tida for horisontalt regn, lauv som fyk gjennom lufta, høg himmel eller lågthengjande tåke. Eg går ut og nyt det. Inne er det tida for varm kakao, fyr på peisen og tende ljos. Eg nyt det og. 

Og brått dukkar det opp ein dag med opphald og litt sol. Då kan eg gå ut og plukke haustens siste bukett.

Fortsett å lese «NORSK POLITIKK ALTSÅ, – OG Å HALDE HEMMELEG»

KLØFTA BLIR STADIG BREIARE, PORTRETT OG KVAR DAG

Kjære folk!

Eg er sikkert ikkje aleine om å av og til trenge både pusterom og albogerom. Det er godt å kunne finne seg slike stader og stunder utan å måtte forklare kvifor. Når eg går for meg sjølv for å skrive, kjenner eg meg heldig. 

Fortsett å lese «KLØFTA BLIR STADIG BREIARE, PORTRETT OG KVAR DAG»

Å SITERE, SPRÅK OG DISKRIMINERING

Kjære folk!

Då eg vakna i dag tidleg og høyrde regnet og vinden der ute, tenkte eg at det kan vere vérhardt dette livet. Så no, når hauststormane ristar i veggane våre, og regnet piskar mot rutene, då kan me kanskje alle prøve å gjere det litt lunare for kvarandre.

Fortsett å lese «Å SITERE, SPRÅK OG DISKRIMINERING»